Tilsynsinstruks 2026 - 2028 (nynorsk)
Sluttmål vart innført med integreringslova for å auke ambisjonane kommunane har overfor deltakarane, og for å gi programmet til kvar enkelt ei klarare retning. Det er gjort viktige avvegingar av kva program som skal tilbydast til kva grupper, og innretninga av introduksjonsprogrammet gir uttrykk for kva forventningar det er til kvar gruppe. At det er mogleg for deltakarane å medverke og dermed påverke innhaldet i introduksjonsprogrammet, er viktig for at dei skal ha eigarskap til introduksjonsprogrammet sitt og oppleve introduksjonsprogrammet som meiningsfylt.
Integreringsplanen skal utformast i samarbeid mellom kommunen og kvar deltakar, noko som bidreg til at kvar enkelt tek eigarskap over framtida si i Noreg. Når om lag ein tredel av deltakarane opplyser at dei ikkje har fått nokon integreringsplan, mistar dei òg moglegheita til å påverke innhaldet og sjå kva vurderingar kommunen har lagt til grunn. Manglande etterleving av krava til fastsetjing av sluttmål vil kunne føre til at sluttmålet til deltakarane ikkje er i samsvar med regelverket, og at introduksjonsprogrammet ikkje i tilstrekkeleg grad er tilpassa kvar deltakar. Formålet til integreringslova er å bidra til at innvandrarar blir raskt integrerte i det norske samfunnet og blir økonomisk sjølvstendige. Denne målsetjinga er viktig både for kvar enkelt, for kommunar og for samfunnet som heilskap. Etterlever ikkje kommunen krava til å fastsetje sluttmål, kan det føre til at kvar enkelt ikkje får eit kvalifiseringsløp i tråd med intensjonen i regelverket, til dømes ved at dei ikkje får moglegheita til å få formell kvalifisering som vidaregåande opplæring, som del av introduksjonsprogrammet. Dette svekkjer moglegheitene deira til integrering i det norske samfunnet og til økonomisk sjølvstende.
Sluttmålet til kvar deltakar blir sett tidleg i kvalifiseringsløpet, og det kan vise seg at det er behov for å endre det undervegs. Etterfølgjande evaluering og oppfølging av det fastsette sluttmålet og eventuell endring av sluttmål fell likevel utanfor tilsynstemaet fastsetjing av sluttmål. Tilsynstemaet er òg avgrensa mot pliktene til fylkeskommunen og kommunen som leier opp til fastsetjing av sluttmål, slik som kompetansekartlegging og karriererettleiing etter integreringslova kapittel 3 og 4. Det er berre nokre av krava til enkeltvedtak etter forvaltningslova som skal vurderast i dette tilsynet.
Kommunen skal setje eit sluttmål for deltakinga til kvar enkelt i introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova §§ 13 og 14. Integreringslova §§ 13 og 14 fastset rammene for handlingsrommet kommunen har ved fastsetjinga av sluttmål for introduksjonsprogrammet til kvar deltakar. Introduksjonsprogrammet skal vere anten arbeidsretta eller utdanningsretta.
Introduksjonsprogrammet for deltakarar med utdanning på vidaregåande nivå eller høgare skal kvalifisere for arbeid eller førebu for utdanning. For deltakarar med utdanningsretta introduksjonsprogram er utgangspunktet at introduksjonsprogrammet skal førebu for utdanning over vidaregåande nivå eller yrkesfagleg rekvalifisering, jf. integreringslova § 13 første ledd. Sluttmålet til kvar enkelt må spesifisere kva dette inneber for deltakaren. For deltakarar med introduksjonsprogram som skal kvalifisere for arbeid, skal sluttmålet spesifisere kva dette inneber for kvar deltakar.
For deltakarar som ikkje har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, skal introduksjonsprogrammet gi formell opplæring på vidaregåande nivå eller kvalifisere for arbeid, jf. integreringslova § 14. For deltakarar med introduksjonsprogram som skal kvalifisere for arbeid, skal sluttmålet spesifisere kva dette inneber for kvar deltakar. For deltakarar under 25 år utan utdanning på vidaregåande nivå eller høgare er utgangspunktet at sluttmålet skal vere fullført vidaregåande opplæring, jf. § 14 tredje ledd. Sluttmålet til kvar enkelt må spesifisere kva dette inneber for deltakaren, inkludert om utdanningsprogrammet er studieførebuande eller fag- og yrkesopplæring.
For alle deltakarar over 55 år skal introduksjonsprogrammet vere arbeidsretta, jf. integreringslova §§ 13 første ledd og 14 første ledd.
Innanfor rammene av §§ 13 og 14 skal kommunen fastsetje eit individuelt og konkret sluttmål for kvar enkelt, som til dømes arbeid på heil- eller deltid innan ein spesifikk bransje eller kva utdanningsprogram deltakaren skal fullføre. Sluttmålet skal vere realistisk å oppnå innan programtida, så konkret som mogleg og reflektere kva deltakaren skal oppnå i introduksjonsprogrammet sitt.
Sluttmålet til kvar enkelt skal stå i integreringsplanen til vedkommande, jf. integreringslova § 15. Utarbeiding av integreringsplan og fastsetjing av sluttmålet skal gjerast i samarbeid mellom kommunen og kvar deltakar, jf. integreringslova § 15. Kommunen skal gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram for personar i målgruppa så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at kravet om program er fastsett, jf. integreringslova § 12. Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det gjort vedtak etter § 12, jf. § 15 første ledd.
Vedtak om introduksjonsprogram og utarbeiding av integreringsplan som inneheld sluttmålet, jf. integreringslova §§ 12 og 15, er eit enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Enkeltvedtak skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova. Dette inneber mellom anna at vedtaket skal vise til dei føresegnene i integreringslova som vedtaket byggjer på, og beskrive dei faktiske forholda som har betydd noko for avgjerda, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25.
Eit sentralt verkemiddel for å sikre integrering av innvandrarar i Noreg er introduksjonsprogrammet. I introduksjonsprogrammet blir utdannings- eller arbeidsretta element kombinerte med opplæring i norsk og samfunnskunnskap, livsmeistring og foreldrerettleiing. Gjennom introduksjonsstønaden er livsopphald sikra for deltakarane i introduksjonsprogram. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram, jf. integreringslova § 3 og kapittel 4.
Introduksjonsprogrammet skal gå for seg innanfor dei nærmare rammene som er fastsette i integreringsregelverket, og vere tilpassa til kvar deltakar basert på ei kartlegging og vurdering av kompetansen, motivasjonen og livssituasjonen til kvar enkelt. Denne differensieringa av introduksjonsprogrammet skal bidra til at kvar deltakar får eit introduksjonsprogram som er best mogleg tilpassa behova hen har. Integreringslova legg til rette for at introduksjonsprogrammet skal tilpassast både på gruppenivå, til dømes ved å samle deltakarar med omtrent same språknivå i felles undervisning, og på individnivå.
Alle deltakarar i introduksjonsprogrammet skal ha eit sluttmål, jf. integreringslova §§ 13 og 14. Når deltakaren oppnår sluttmålet, blir introduksjonsprogrammet avslutta. Maksimal lengd på introduksjonsprogrammet blir sett på bakgrunn av sluttmålet. Sluttmålet til kvar enkelt skal stå i integreringsplanen til vedkommande, jf. integreringslova § 15.
Dei nærmare krava til fastsetjing av sluttmål er gitt opp integreringslova §§ 13 og 14, samanheldt med § 15.
Integreringslova §§ 13 og 14 fastset rammer for handlingsrommet kommunen har ved fastsetjing av sluttmål for kvar deltakar. Introduksjonsprogram for deltakarar med utdanning på vidaregåande nivå eller høgare er beskrive i integreringslova § 13. Introduksjonsprogram for deltakarar som ikkje har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, er beskrive i integreringslova § 14. Introduksjonsprogrammet skal vere anten arbeidsretta eller utdanningsretta. Rammene for dei ulike introduksjonsprogramma og sluttmåla er gitt opp på bakgrunn av alderen og utdanningsnivået til deltakaren. Desse kriteria er objektive og skal sikre likebehandling, føreseielege vilkår og at det er mogleg å etterprøve det som er gjort.
I vurderinga av utdanningsbakgrunnen til deltakaren skal kommunen vurdere om deltakaren si utdanning svarer til vidaregåande nivå i Noreg. Det er ikkje eit krav om at kvar enkelt må leggje fram dokumentasjon på utdanninga si. Dersom deltakaren ikkje kan dokumentere utdanninga si, må kommunen bruke informasjonen dei har fått, mellom anna gjennom kompetansekartlegging og karriererettleiing, og dei må vurdere om deltakaren har sannsynleggjort at hen har kompetanse på minimum vidaregåande nivå. Kommunen skal ta utgangspunkt i om utdanninga deltakaren har med seg, vil kunne gi generell studiekompetanse i Noreg slik det er beskrive i GSU-lista (Generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar), sjå integreringsforskrifta § 65 a. Den konkrete sannsynsvurderinga ligg som utgangspunkt innanfor det frie skjønnet kommunen har. Dersom det likevel ligg føre tvil eller ueinigheit om deltakaren har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare frå før, skal kommunen uansett gi deltakaren eit sluttmål etter § 14. Kommunen bør deretter setje i gang ei realkompetansevurdering og på bakgrunn av denne justere sluttmål og maksimal lengd dersom det trengst.
I vurderinga av alderen til deltakaren skal kommunen vurdere om deltakaren er under 25 år eller over 55 år. Deltakaren blir rekna for å vere under 25 år til og med det kalenderåret hen fyller 24 år, og over 25 år frå og med det kalenderåret hen fyller 25 år. I vurderinga av om deltakaren er over 55 år, skal alderen deltakaren hadde på den datoen deltakaren fekk opphaldsløyve, leggjast til grunn.
Introduksjonsprogrammet for deltakarar med utdanning på vidaregåande nivå eller høgare skal kvalifisere for arbeid eller førebu for utdanning over vidaregåande nivå eller yrkesfagleg rekvalifisering, jf. integreringslova § 13.
For deltakarar med utdanningsretta introduksjonsprogram er utgangspunktet at introduksjonsprogrammet skal førebu for utdanning over vidaregåande nivå eller yrkesfagleg rekvalifisering, jf. integreringslova § 13 første ledd. Sluttmålet til kvar enkelt må spesifisere kva dette inneber for deltakaren.
For deltakarar med arbeidsretta introduksjonsprogram skal sluttmålet spesifisere kva dette inneber for kvar enkelt deltakar, til dømes arbeid på heil- eller deltid innan ein spesifikk bransje.
For alle deltakarar over 55 år skal introduksjonsprogrammet vere arbeidsretta, jf. integreringslova § 13 første ledd.
For deltakarar som ikkje har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, skal introduksjonsprogrammet gi formell opplæring på vidaregåande nivå eller kvalifisere for arbeid, jf. integreringslova § 14.
Hovudregelen for deltakarar under 25 år utan utdanning på vidaregåande nivå eller høgare er at sluttmålet skal vere fullført vidaregåande opplæring, jf. § 14 tredje ledd. Sluttmålet til kvar enkelt må spesifisere kva dette inneber for deltakaren, inkludert om utdanningsprogrammet er studieførebuande eller fag- og yrkesopplæring.
Deltakarar under 25 år som ikkje vil kunne fullføre vidaregåande opplæring innanfor programtida, kan ha sluttmål om å fullføre delar av vidaregåande opplæring. Dersom deltakaren har sluttmål om delar av vidaregåande opplæring, må det spesifiserast kva for delar. Eit slikt sluttmål bør berre setjast frå start dersom det er heilt klart at deltakaren ikkje vil kunne fullføre vidaregåande opplæring innanfor programtida. Skolebakgrunnen til deltakaren er særleg relevant i vurderinga. Dersom deltakaren har ingen eller svært lite skolebakgrunn, er det truleg lite realistisk at deltakaren kan fullføre vidaregåande opplæring innanfor programtida. Då kan til dømes eit sluttmål om å ha gjennomført delar av vidaregåande opplæring vere aktuelt.
Deltakarar som av ulike grunnar ikkje bør ha, eller ønskjer å ha, heile eller delar av vidaregåande opplæring som sluttmål, skal ha eit arbeidsretta introduksjonsprogram. For deltakarar med introduksjonsprogram som skal kvalifisere for arbeid, skal sluttmålet spesifisere kva dette inneber for kvar deltakar, til dømes arbeid på heil- eller deltid innan ein spesifikk bransje.
For alle deltakarar over 55 år skal introduksjonsprogrammet vere arbeidsretta, jf. integreringslova § 14 første ledd.
Etter at kommunen har kartlagt alderen og utdanningsbakgrunnen til deltakaren, skal kommunen fastsetje eit konkret sluttmål innanfor dei rammene som følgjer av §§ 13 og 14. Sluttmålet skal vere konkret og individuelt.
Kommunen skal ta utgangspunkt i kompetansekartlegginga og karriererettleiinga, inkludert tilrådinga som blir gitt ved gjennomført karriererettleiing, jf. integreringslova § 11 fjerde ledd. Når det konkrete målet blir fastsett, skal kommunen òg ta omsyn til utdanningsbakgrunnen, alderen, interessene, motivasjonen og det langsiktige målet deltakaren har. Kva sluttmål som blir sett, må vurderast konkret ut frå dei ønska og føresetnadene deltakaren har, i tillegg til tilbodet i kommunen.
For deltakarar utan utdanning på vidaregåande nivå eller høgare kan det setjast sluttmål om å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring, ut frå kva bakgrunn deltakaren har. Sluttmål om å komme i arbeid må òg individualiserast, til dømes at sluttmålet skal vere arbeid på heil- eller deltid innan ein spesifikk bransje. Kommunen må ha eit medvite forhold til skiljet mellom sluttmålet for introduksjonsprogrammet og det langsiktige målet deltakaren har. Sluttmålet kan utgjere eit delmål på vegen mot det langsiktige målet, til dømes ved at det blir sikta inn mot relevant sektor. Dersom deltakaren arbeidde som lærar tidlegare, kan sluttmålet til dømes vere arbeid på ein skole som assistent, medan det langsiktige målet kan vere å få godkjent lærarutdanninga og arbeide som lærar. Det same kan gjelde for helsepersonell og andre yrkesgrupper der det blir stilt krav om godkjend utdanning, lisens, autorisasjon eller liknande. Dersom det ikkje finst ein relevant sektor eller arbeidsplass i nærleiken, må kommunen setje eit sluttmål basert på det som faktisk er realistisk å få av arbeid.
Deltakaren og kommunen skal ha som felles mål at deltakaren når sluttmålet. Sluttmålet skal dermed vere realistisk å oppnå innan programtida, så konkret som mogleg og reflektere kva deltakaren skal oppnå i introduksjonsprogrammet.
Utarbeiding av integreringsplan og fastsetjing av sluttmålet skal gjerast i samarbeid mellom kommunen og kvar av deltakarane, jf. integreringslova § 15. At deltakaren blir involvert, skal bidra til at kvar enkelt tek eigarskap over framtida si i Noreg. For at medverknaden skal vere reell og konstruktiv, er det ein føresetnad at kommunen sørgjer for at deltakaren får relevant informasjon. Dersom kommunen og deltakaren ikkje blir heilt einige, er det kommunen som avgjer innhaldet i integreringsplanen.
Kommunen har òg ei generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11 og ei plikt til å opplyse saka etter forvaltningslova § 17. Rettleiinga skal gjere det mogleg for deltakaren å ta hand om interessene sine på best mogleg måte. Informasjonen frå kommunen må vere relevant og i ei slik form at deltakaren mellom anna forstår kva eit sluttmål er, følgjene av dei ulike sluttmåla og kva hennar eller hans interesser og motivasjon har å seie for fastsetjinga av sluttmål.
Kommunen skal gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram for personar i målgruppa så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at kravet om program er fastsett, jf. integreringslova § 12. Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det blir gjort vedtak etter § 12, jf. § 15 første ledd. At utarbeidinga av integreringsplanen skal skje samtidig som det blir gjort vedtak om introduksjonsprogram, krev ikkje nødvendigvis at dei er formelt ferdigstilte same dag. Det sentrale er at det er ein tydeleg samanheng mellom dei to vedtaka, og at dei er gjorde nært i tid.
Integreringsplanen skal mellom anna innehalde sluttmålet til deltakaren, jf. § 15 tredje ledd, og sluttmålet må følgjeleg vere fastsett i vedtaket om integreringsplan innanfor tremånadersfristen.
Vedtak om introduksjonsprogram og utarbeiding av integreringsplan som inneheld sluttmålet, jf. integreringslova §§ 12 og 15, er eit enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Enkeltvedtak skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
Vedtaket skal vise til dei føresegnene i integreringslova som vedtaket byggjer på, og beskrive dei faktiske forholda som har betydd noko for avgjerda, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25. Døme på faktiske forhold som har betydd noko i saka, er alderen og utdanningsnivået til deltakaren og kva forhold som har spelt inn i fastsetjinga av det individuelle sluttmålet til deltakaren. I samband med det vil til dømes kartlegging og samtalar med deltakaren vere relevante å vise til. Kommunen kan samle lov- og forskriftstekst i eitt vedlegg til vedtaket. Vedtaket bør innehalde dei hovudomsyna som har vore avgjerande ved utøvinga av forvaltningsmessig skjønn.