Tilsynsinstruks 2026 - 2028 (nynorsk)
Kommunen skal gjennomføre opplæring i samfunnskunnskap på eit språk deltakarane forstår, og innan eit år, jf. integreringslova § 33. I samband med innføringa av integreringslova var vurderinga at det er ønskjeleg at opplæringa i samfunnskunnskap skal komme tidleg i kvalifiseringsløpet, og dette var bakgrunnen for at denne fristen vart innført.
Opplæring i samfunnskunnskap skal saman med norskfaget gjere vaksne innvandrarar best mogleg rusta for kvardagsliv, utdanning og arbeidsliv. I deltakarane sitt møte med eit nytt land er formålet med samfunnskunnskapsfaget å bidra med nødvendig kunnskap om det nye samfunnet dei skal vere ein del av, og slik vere med på å skape ei felles referanseramme. Samfunnskunnskapsfaget skal bidra til å byggje opp under haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Faget skal fremje kompetanse hos deltakarane når det gjeld samfunnskritisk tenking og digital dømmekraft. Slik skal faget vere med på å styrkje forståinga av korleis dei kan vere aktivt deltakande og kritisk tenkjande medborgarar i det norske samfunnet, og av korleis dei kan påverke livet sitt og framtida si slik at dei kan oppnå stabil tilknyting til arbeidslivet.
I praksis kan tilgang til fleirspråklege lærarar og ei tidsramme som kommunen opplever som stram, gjere det utfordrande å gjennomføre opplæringa innan eitt år på eit språk deltakaren forstår. I ei følgjeevaluering frå Oxford Research[1] kjem det fram at «det ikke er uvanlig» at kommunen ikkje oppfyller kravet om å gjennomføre opplæringa i samfunnskunnskap innan eitt år. Oxford Research viser mellom anna til at sjølv dei større kommunane som har dei beste rammevilkåra, melder «at det kan være utfordrende å gjennomføre opplæringen innen den fastsatte tiden», og «at gjennomføringstiden oppfattes som urealistisk, og at fristen ofte brytes».
Konsekvensen av at deltakarane ikkje får tidleg opplæring i samfunnskunnskap, er at denne opplæringa kjem seinare i kvalifiseringsløpet til deltakarane enn ønskt, og at deltakarane ikkje får informasjonen denne opplæringa gir, allereie i starten av kvalifiseringsløpet sitt. Nokre kommunar ventar med å gi opplæring i samfunnskunnskap til seinare for at deltakarane skal få opplæringa på norsk, sjølv om hen har avgrensa norskferdigheiter. Opplæringa skal givast på eit språk deltakaren forstår, sidan det er sentralt i læreplanen at deltakaren skal vere aktiv i ein tovegsprosess. Deltakaren skal kunne diskutere med andre. Å få tak i andre sine meiningar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål inngår òg. Deltakaren skal vidare utvikle ferdigheiter til å uttrykkje ueinigheit på ein sakleg måte og med respekt for andre sine oppfatningar.
([1] Følgeevaluering av nye læreplaner i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere - Implementering av nye læreplaner (delrapport 2) Oxford Research 2024/3)
Deltemaet «Opplæring i samfunnskunnskap» kan innehalde ei rekkje ulike undertema. Dette tilsynet rettar seg særleg mot fristane og krava kommunane har til at opplæring skal givast på eit språk deltakaren forstår. Tilsynstemaet er såleis avgrensa mot reglane om prøve i samfunnskunnskap og gjennomføringa av opplæringa. Tilsynstemaet er òg avgrensa mot reglane knytte til permisjonar og fritak.
Kommunen skal sørgje for tilbod om opplæring i samfunnskunnskap for personar i målgruppa, jf. § 30. For personar i fulltid vidaregåande opplæring er det likevel eit unntak, og fylkeskommunen er ansvarleg for opplæringa for denne gruppa, jf. § 30 andre ledd. Fylkeskommunen skal sørgje for opplæring i norsk og samfunnskunnskap til personar som får tilbod som kombinerer opplæring på grunnskolenivå og vidaregåande opplæring, dersom fylkeskommunen har hovudansvaret for tilbodet. Dersom ansvaret for tilbodet er delt mellom kommunen og fylkeskommunen på ein slik måte at det ikkje kan fastslåast kven som har hovudansvaret, skal fylkeskommunen sørgje for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, med mindre kommunen og fylkeskommunen avtaler noko anna. For deltakarar som får opplæringa si i samfunnskunnskap i regi av fylkeskommunen, gjeld ikkje krava etter integreringslova, sidan opplæringa blir regulert av opplæringslova (Prop. 89 L (2019–2020), punkt 10.2.4). Denne gruppa vil følgjeleg ikkje omfattast av tilsynstemaet.
Opplæring i samfunnskunnskap er ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova § 14 a første ledd bokstav c, og ein rett og ei plikt for andre innvandrarar som høyrer til i målgruppa, jf. § 26. Innvandrarar med arbeids- eller utdanningsopphald og familiemedlemmene deira har ei plikt, men ikkje ein rett, til å gjennomføre opplæring i samfunnskunnskap, jf. § 27.
Opplæringa i samfunnskunnskap skal gjennomførast innan eitt år frå og med den datoen deltakaren har fått tilbod om oppstart av opplæringa, med tillegg av godkjend permisjon. I vedtaket om opplæring gir kommunen opp ein konkret oppstartsdato for opplæringa. Det er denne datoen som skal leggjast til grunn som «den datoen deltakeren fikk tilbud om oppstart av opplæringen», og som er utgangspunktet for utrekninga av fristen. Opplæringa i samfunnskunnskap skal vidare tilpassast kvar enkelt deltakar og givast på eit språk vedkommande forstår.
For deltakarar i introduksjonsprogram skal omfanget av opplæringa i samfunnskunnskap gå fram av integreringsplanen, jf. § 15 tredje ledd. For denne gruppa skal kommunen gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at krav om program er fastsett, jf. integreringslova § 12. Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det blir gjort vedtak om introduksjonsprogram etter § 12, jf. § 15 første ledd.
Kommunen skal gi deltakaren som berre skal ha opplæring i norsk og samfunnskunnskap, tilbod om opplæring i samfunnskunnskap så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter folkeregistrering i kommunen eller at krav om deltaking er sett fram, jf. § 30 tredje ledd. For desse skal det utarbeidast ein norskplan, jf. § 34. Planen skal oppgi omfanget av opplæringa i samfunnskunnskap, jf. § 15 tredje ledd, jf. § 34. Norskplanen skal utarbeidast samtidig som det blir gjort vedtak om opplæring etter § 30, jf. § 34.
Ein viktig del av innvandrarar si integrering i det norske samfunnet er kjennskap til og kompetanse i norsk språk og samfunnskunnskap. Opplæring i samfunnskunnskap er ei ordning med ein eigen læreplan, krav til lengd og omfang og ein eigen prøve. Faget samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar skal saman med norskfaget gjere vaksne innvandrarar best mogleg rusta for kvardagsliv, utdanning og arbeidsliv. I deltakarane sitt møte med eit nytt land er formålet med samfunnskunnskapsfaget å bidra med nødvendig kunnskap om det nye samfunnet dei skal vere ein del av, og slik vere med på å skape ei felles referanseramme. Samfunnskunnskapsfaget skal bidra til å byggje opp under haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Faget skal fremje kompetanse hos deltakarane når det gjeld samfunnskritisk tenking og digital dømmekraft. Slik skal faget vere med på å styrkje forståinga av korleis deltakarane kan vere aktivt deltakande og kritisk tenkjande medborgarar i det norske samfunnet, og korleis dei kan påverke livet sitt og framtida si.
Opplæringa i samfunnskunnskap er ein obligatorisk del av introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova § 14 a første ledd bokstav c, og ein rett og ei plikt for andre innvandrarar som høyrer til i målgruppa, jf. § 26. Innvandrarar med arbeids- eller utdanningsopphald og familiemedlemmene deira har ei plikt, men ikkje ein rett, til å gjennomføre opplæring i samfunnskunnskap, jf. § 27. Dette betyr at dei må betale for opplæringa sjølv, men krava i integreringslova til gjennomføringa av opplæringa gjeld tilsvarande også for denne gruppa. Reglane om målgruppa for opplæring i samfunnskunnskap stiller ikkje eit krav om at personar i målgruppa må vere busette, og omfattar såleis òg bebuarar på mottak som har fått innvilga opphald i Noreg på eit av dei aktuelle opphaldsgrunnlaga. Det er mogleg for personar i målgruppa å søkje om fritak frå både opplæring og prøvar i samfunnskunnskap.
Tilsynstemaet er eit deltema under hovudtemaet deltakaren sin integreringsplan – vegen til eit tilpassa og målretta introduksjonsprogram. Krava til opplæringa i samfunnskunnskap er likevel dei same for deltakarar som får opplæringa si som ein del av introduksjonsprogrammet sitt, og for deltakarar som berre deltek i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Det vil vere lite gunstig å gjennomføre eit tilsyn av om kommunen oppfyller krava til opplæring i samfunnskunnskap, der de skil mellom dei ulike gruppene ordninga omfattar. I dei aller fleste tilfella vil desse gruppene få opplæring samla. Under tilsynet er det nødvendig at de vurderer praksisen til kommunen knytt til opplæring i samfunnskunnskap som ein heilskap og ikkje basert på gruppetilhøyrsel. Ved å gjere skil på målgruppene i tilsynet kan det òg sende eit uheldig signal om at deltakarar som får opplæringa si som ein del av introduksjonsprogrammet, har ein sterkare rett enn deltakarar som ikkje går i introduksjonsprogram. Tilsynstemaet vil på bakgrunn av dette omfatte alle som får opplæring i samfunnskunnskap etter reglane i integreringslova.
Personar i målgruppa skal gjennomføre 75 timar opplæring i samfunnskunnskap. Innhaldet i opplæringa følgjer av forskrift om læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere.
Dei nærmare krava til gjennomføringa av opplæring i samfunnskunnskap står i integreringslova § 33. Opplæringa i samfunnskunnskap skal gjennomførast innan eitt år frå og med den datoen deltakaren har fått tilbod om oppstart av opplæringa, med tillegg av godkjend permisjon. Opplæringa i samfunnskunnskap skal vidare tilpassast kvar enkelt deltakar og givast på eit språk vedkommande forstår. Kompetansen og erfaringane dei har med seg, ulik kulturell bakgrunn og fleirspråklege ressursar skal anerkjennast og danne grunnlag for opplæringa, jf. forskrift om læreplan i samfunnskunnskap for voksne innvandrere punkt 1.1.
Kommunen skal gi deltakaren tilbod om opplæring i samfunnskunnskap så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter folkeregistrering i kommunen eller at krav om deltaking er sett fram, jf. § 30 tredje ledd.
Opplæring i samfunnskunnskap skal gjennomførast på eit språk deltakaren forstår, jf. § 33. For mange deltakarar vil dette vere morsmålet eller eit anna språk dei har lært før dei kom til Noreg. Av og til kan ein person beherske eit språk munnleg, men ikkje skriftleg. Det er derfor viktig at kommunen er merksam på korleis opplæringa kan gjennomførast på ein måte som reelt sett set deltakaren i stand til å delta i opplæringa. Vidare vil deltakarar som nyttar seg av teiknspråk, ha rett til opplæringa i samfunnskunnskap på norsk teiknspråk eller eit anna teiknspråk deltakaren beherskar.
Verken integreringslova eller forarbeida til lova gir tydelege føringar for korleis kommunen skal praktisere skjønnet sitt når det gjeld kva språk deltakaren kan seiast å forstå. Kravet kan likevel sjåast i samanheng med den generelle rettleiingsplikta kommunen har etter forvaltningslova § 11, og plikta til å opplyse saka etter forvaltningslova § 17. Både rettleiingsplikta og utgreiingsplikta er viktige når kommunen greier ut kva språk deltakaren skal ha opplæring på. Kommunen må mellom anna opplyse deltakarane om at dei har rett til opplæring på eit språk dei forstår. Dersom ein deltakar beherskar fleire språk, må kommunen vurdere kva språk som er det mest tenlege. Vurderinga kan gjerne gjerast i samarbeid med deltakaren.
Opplæringa i samfunnskunnskap skal gjennomførast innan eitt år frå og med den datoen deltakaren har fått tilbod om oppstart av opplæringa. I vedtaket om opplæring gir kommunen opp ein konkret oppstartsdato for opplæringa. Denne datoen skal leggjast til grunn som «den datoen deltakeren fikk tilbud om oppstart av opplæringen», og som er utgangspunktet for utrekninga av fristen. Det «er den første tilbudte oppstartsdatoen som er avgjørende for fristen», så dersom kommunen seinare endrar datoen for oppstart, så må den første datoen for oppstart leggjast til grunn. Sjå Prop. 73 L (2022–2023), punkt 4.4.
Dersom deltakaren har periodar med godkjend permisjon, utvidar dette fristen. Dette betyr at kommunen må sørgje for at opplæring i samfunnskunnskap skjer tidleg i kvalifiseringsløpet, slik at deltakaren har ei reell moglegheit til å få gjennomført opplæringa før fristen går ut.
For deltakarar som har opplæring i samfunnskunnskap som ein del av introduksjonsprogrammet sitt
For deltakarar i introduksjonsprogram skal omfanget av opplæringa i samfunnskunnskap gå fram av integreringsplanen, jf. § 15 tredje ledd.
For deltakarar i introduksjonsprogram skal kommunen gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at krav om program er fastsett, jf. integreringslova § 12.
Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det blir gjort vedtak om introduksjonsprogram etter § 12, jf. § 15 første ledd. At utarbeidinga av integreringsplanen skal skje samtidig som det blir gjort vedtak om introduksjonsprogram, krev ikkje nødvendigvis at dei er formelt ferdigstilte same dag. Det sentrale er at det er ein tydeleg samanheng mellom dei to vedtaka, og at dei er gjorde nært i tid.
For deltakarar i opplæring i samfunnskunnskap som ikkje går i introduksjonsprogram
For personar som berre får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, skal det utarbeidast ein plan for opplæring i norsk og samfunnskunnskap, jf. § 34. Denne planen blir kalla norskplan. Kommunen skal gi tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter folkeregistrering i kommunen eller at krav om deltaking er sett fram, jf. integreringslova § 30 tredje ledd. Minimumsinnhaldet i planen skal følgje dei same krava som gjeld for integreringsplanen etter § 15 tredje ledd. Dette inneber at planen skal vise omfanget av opplæringa i samfunnskunnskap.
Kommunen skal utarbeide ein norskplan samtidig som det blir gjort vedtak om opplæring etter § 30, jf. § 34.