Tilsynsinstruks 2026 - 2028 (nynorsk)
Introduksjonsprogrammet skal vere heilårig og på fulltid. Dette var tema for det nasjonale tilsynet etter introduksjonslova i 2013–2016, og då vart det avdekt omfattande brot på regelverket. Hovudårsakene til brota var mellom anna at introduksjonsprogrammet til kommunane følgde skoleruta og arbeidstidsreglane for lærarar, og at deltakarane ikkje hadde tilstrekkelege aktivitetar i skoleferiar og på fridagar. Det var òg fleire tilfelle av korte undervisningsdagar og eigenaktivitet utan oppfølging frå kommunen. Nokre kommunar har utfordringar med å finne praksisplassar for alle deltakarane, noko som fører til at deltakarane utan praksisplass får eit nokså avgrensa tilbod dei dagane dei andre er i praksis. Det same gjeld for deltakarar som til dømes har kortare program enn eitt år, og som dermed ikkje skal ha 25 dagar ferie. Når ikkje innhaldet og omfanget av introduksjonsprogrammet er i samsvar med regelverket, får deltakarane eit dårlegare kvalifiseringstilbod enn regelverket legg opp til. Dette vil igjen gi dei ein lengre veg til vidare utdanning eller arbeid.
Fordi introduksjonsprogrammet skal tilpassast kvar enkelt, jf. integreringslova § 14 a andre ledd, står ikkje fulltidskravet i vegen for tilrettelagde løp som inkluderer til dømes behandlingsopplegg eller opplæring som er mogleg å gjennomføre sjølv med store omsorgsforpliktingar. Tilsynstemaet blir avgrensa mot konkrete vurderingar knytte til tilpassingar for kvar deltakar.
I tillegg til dei eksterne rammene for introduksjonsprogrammet stiller òg integreringsregelverket ei rekkje krav til omfanget av dei obligatoriske elementa, jf. integreringslova §§ 14 a, 31, 33 og integreringsforskrifta §§ 3 og 4. Tilsynstemaet blir avgrensa mot omfanget av opplæring i norsk og samfunnskunnskap, livsmeistring og foreldrerettleiing.
Då integreringslova vart revidert, vart det innført eit krav til omfanget av arbeidsretta element for deltakarar med sluttmål om arbeid. For å forsterke effekten av å ha innført dette kravet inngår omfanget av arbeidsretta element også som ein del av tilsynstemaet.
Introduksjonsprogrammet skal gå for seg innanfor dei nærmare rammene som er fastsette i integreringsregelverket. For alle deltakarar skal introduksjonsprogrammet vere på fulltid og heilårig, jf. integreringslova §§ 13 og 14. Dette gjeld òg for deltakarar som går i vidaregåande opplæring på heiltid.
At programmet skal vere heilårig, inneber at det skal svare til eit normalt arbeidsår, og at deltakarane får introduksjonsstønad heile året. Deltakarar som har kortare enn eitt års programtid, får berre stønad for den tida dei deltek i program. Vidare inneber heilårskravet at kvar deltakar for kvart kalenderår skal ha opptil 25 vyrkedagar (eller fem veker) ferie.
At programmet skal vere på fulltid, inneber at omfanget skal vere på mellom 30 og 40 timar per veke, med eit gjennomsnitt på 37,5 timar. Program med eit krav til atskilleg med eigenaktivitet skal vere på 30 timar per veke. Når omfanget av introduksjonsprogrammet til ein deltakar blir rekna ut, skal kommunen leggje til grunn at ein «time» betyr 60 minutt for alle element. Innanfor ein «time» undervisning står kommunane likevel fritt til å organisere pausar som dei ønskjer, så lenge dette er føreseieleg for deltakarane. Når og kor lenge det skal vere pausar, må avgjerast på bakgrunn av ei pedagogisk vurdering, men praksisen mellom ulike deltakarar bør i utgangspunktet vere relativt lik.
For deltakarar som har sluttmål om å kvalifisere for arbeid, er det eit krav til omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, sjå integreringslova § 14 a tredje og fjerde ledd. Deltakarane kan ha arbeidsretta element frå oppstart i introduksjonsprogrammet. For deltakarar som har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, tek kravet til å gjelde etter tre månader i introduksjonsprogrammet, altså frå og med den fjerde månaden. Har deltakarane ikkje utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, så tek kravet til å gjelde etter seks månader i introduksjonsprogrammet, altså frå og med den sjuande månaden. Etter dette tidspunktet skal arbeidsretta element gjennomsnittleg minst utgjere 15 timar i veka av programtida. Arbeidsretta element kan vere praksis på ein arbeidsplass, arbeid på deltid, korte yrkes- eller bransjekurs, arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav eller andre liknande tiltak.
Kommunen skal gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram for personar i målgruppa så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at krav om program er fastsett, jf. integreringslova § 12. Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det blir gjort vedtak etter § 12, jf. § 15 første ledd. Integreringsplanen skal mellom anna innehalde elementa i programmet.
Eit sentralt verkemiddel for å sikre integrering av innvandrarar i Noreg er introduksjonsprogrammet. I introduksjonsprogrammet blir utdannings- og arbeidsretta element kombinerte med opplæring i norsk og samfunnskunnskap, livsmeistring og foreldrerettleiing. Gjennom introduksjonsstønaden er livsopphald sikra for deltakarane i introduksjonsprogram.
Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) § 3 og kapittel 4. Dette gjeld òg for personar som har vidaregåande opplæring i regi av fylkeskommunen som heile sitt introduksjonsprogram. I slike tilfelle har fylkeskommunen ansvar for sjølve den vidaregåande opplæringa og for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, men det overordna ansvaret for introduksjonsprogrammet som heilskap ligg til kommunen. Det er òg kommunen som utbetaler introduksjonsstønad og sørgjer for gjennomføring av dei obligatoriske elementa. Deltakaren skal altså følgjast opp både av fylkeskommunen og kommunen.
Introduksjonsprogrammet skal gå for seg innanfor dei nærmare rammene som er fastsette i integreringsregelverket. For alle deltakarar skal introduksjonsprogrammet vere på fulltid og heilårig, jf. integreringslova §§ 13 og 14. Dette gjeld òg for deltakarar som går i vidaregåande opplæring på heiltid. Heilårskravet heng tett saman med reglane i arbeidslivet for ferie og høgtidsdagar. Fulltidskravet heng mellom anna saman med at deltakarar i introduksjonsprogrammet får full økonomisk stønad til livsopphald gjennom introduksjonsstønaden.
At programmet skal vere heilårig, inneber at det skal svare til eit normalt arbeidsår, og at deltakarane får introduksjonsstønad heile året. Deltakarar som har kortare enn eitt års programtid, får berre stønad for den tida dei deltek i program. Vidare inneber heilårskravet at kvar deltakar for kvart kalenderår skal ha opptil 25 vyrkedagar (eller fem veker) ferie. Ein deltakar som til dømes berre har seks månaders program, skal ha inntil 12 ½ vyrkedagar ferie. Dette svarer til den alminnelege ferietida i ferielova og betyr at programmet skal vere 47 veker i året. Kommunen bestemmer når deltakaren skal avvikle feriedagane, jf. integreringsforskrifta § 18.
Kravet om at introduksjonsprogrammet skal vere heilårig, gjeld for alle deltakarar i introduksjonsprogrammet. Kommunen må derfor sørgje for at deltakarar som går i vidaregåande opplæring på fulltid, får eit anna tilbod i skoleferien. Deltakarane må uansett gjennomføre dei andre obligatoriske elementa, og kommunen kan leggje til rette for at desse elementa blir gjennomførte i dei ekstra vekene der dei ikkje følgjer alminneleg opplæring i regi av fylkeskommunen. Det er òg mogleg for kommunen å leggje til rette for at lønt arbeid i form av deltidsjobb eller sommarjobb kan inngå som ein del av programmet i denne perioden. (Prop. 89 L (2019–2020), punkt 8.6.4.3)
Integreringsregelverket seier ingenting om at deltakarane har plikt til å avvikle ferie. Det står likevel i integreringslova § 3 at kommunen har ansvar for introduksjonsprogram slik det er regulert etter kapittel 4. Etter kapittel 4 skal introduksjonsprogrammet innehalde ferie, og etter forskrifta § 18 er det kommunen som bestemmer når ferie skal avviklast. Kommunen har dermed ikkje plikt til å tilby opplæring i den perioden der kommunen har bestemt at deltakaren skal ha ferie. Ein deltakar som ikkje sjølv ønskjer å ha ferie, kan dermed likevel måtte ha ferie dersom kommunen bestemmer det. For at deltakarane skal ha føreseielege vilkår, er det likevel viktig at kommunen informerer om dei gjeldande fri- og feriedagane.
At programmet skal vere på fulltid, inneber at omfanget skal vere på mellom 30 og 40 timar per veke, med eit gjennomsnitt på 37,5 timar. Program med eit krav til atskilleg med eigenaktivitet skal vere på 30 timar per veke.
Når omfanget av introduksjonsprogrammet til ein deltakar blir rekna ut, skal kommunen leggje til grunn at ein «time» betyr 60 minutt for alle element. Innanfor ein «time» undervisning står kommunane likevel fritt til å organisere pausar som dei ønskjer, så lenge dette er føreseieleg for deltakarane. Når og kor lenge det skal vere pausar, må avgjerast på bakgrunn av ei pedagogisk vurdering, men praksisen mellom ulike deltakarar bør i utgangspunktet vere relativt lik. Det er opp til kommunane å organisere opplæringa på ein slik måte at deltakaren kan nå målet sitt. Det er ikkje høve til å slå saman alle undervisningstimane ved å leggje pausane til slutten av dagen for å oppnå ein kortare skoledag.
Førebuande og vidaregåande opplæring inneber ein god del eigenaktivitet i form av førebuing og lekser, og deltaking i førebuande og vidaregåande opplæring på minimum 30 timar oppfyller fulltidskravet. Deltakarar som går i førebuande eller vidaregåande opplæring som del av introduksjonsprogrammet, men der timetalet i snitt per veke er mindre enn 30 timar, må ha andre element i tillegg i introduksjonsprogrammet sitt.
Tilsynstemaet legg ikkje opp til ei fullstendig overprøving av innhaldet i introduksjonsprogrammet. For å kunne konstatere at kommunen oppfyller plikta si til å gi kvar deltakar eit introduksjonsprogram som er heilårig og på fulltid, er det likevel nødvendig å fastsetje nokre minimumskrav til kva timane og dagane med introduksjonsprogram blir fylte med. Reglane om eigenaktivitet opnar for at kommunen kan gi deltakarar eit mindre omfangsfullt introduksjonsprogram dersom programmet stiller krav til atskilleg med eigenaktivitet. Dei resterande 30 timane kan ikkje fyllast med eigenaktivitet, men må innehalde element i tråd med reglane i integreringslova § 14 a.
For deltakarar som har sluttmål om å kvalifisere for arbeid, er det eit krav til omfanget av arbeidsretta innhald i introduksjonsprogrammet, sjå integreringslova § 14 a tredje og fjerde ledd. Deltakarane kan ha arbeidsretta element frå oppstart i introduksjonsprogrammet.
For deltakarar som har utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, tek kravet til å gjelde etter tre månader i introduksjonsprogrammet, altså frå den fjerde månaden. Har deltakarane ikkje utdanning på vidaregåande nivå eller høgare, så tek kravet til å gjelde etter seks månader i introduksjonsprogrammet, altså frå den sjuande månaden. Etter dette tidspunktet skal arbeidsretta element gjennomsnittleg minst utgjere 15 timar i veka av programtida.
Arbeidsretta element kan vere praksis på ein arbeidsplass, arbeid på deltid, korte yrkes- eller bransjekurs, arbeidsmarknadstiltak i regi av Nav eller andre liknande tiltak. Andre liknande tiltak siktar til tiltak som ligg nært opp til desse tiltaka. For deltakarar utan vidaregåande opplæring frå før kan enkeltfag frå førebuande opplæring for vaksne (FOV) kunne vere eit liknande tiltak. Dette føreset at enkeltfaget støttar opp under dei andre arbeidsretta elementa i programmet til deltakaren som blir gjennomførte i eller i nær tilknyting til arbeidslivet, vidare at faget er relevant for sluttmålet til deltakaren og støttar opp under dei langsiktige måla deltakaren har. For deltakarar som har vidaregåande eller høgare utdanning frå tidlegare, kan prosessen med å få godkjent utdanning frå utlandet vere eit anna døme på eit liknande tiltak.
Kommunen skal gjere vedtak om og sørgje for oppstart av introduksjonsprogram for personar i målgruppa så snart som mogleg og seinast innan tre månader etter busetjing eller at krav om program er fastsett, jf. integreringslova § 12. Kommunen skal utarbeide integreringsplanen samtidig som det blir gjort vedtak etter § 12, jf. § 15 første ledd. Integreringsplanen skal mellom anna innehalde elementa i programmet. Dette er for det første dei obligatoriske elementa, som opplæring i norsk, opplæring i samfunnskunnskap, kurs i livsmeistring og arbeids- eller utdanningsretta element i tillegg til kurs i foreldrerettleiing for deltakarar som har barn under 18 år. Vidare skal planen opplyse om dei andre elementa kvar enkelt skal gjennomføre for å nå sluttmålet, og dessutan tidspunkt for gjennomføringa.