Tilskot til:
Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak
Søknadsfrist
Løpende frist
Sist oppdatert: 18. desember 2025
For spørsmål knyttet til konkrete tilskuddssaker
Bruk kontaktsenter for IMDinett
For generelle spørsmål om tilskuddsordningen
- send e-post til digtil@imdi.no
- eller ring 400 01 960 – tastevalg 4
(tirsdag til torsdag mellom 09.00 og 11.30)
Mål for ordninga
- Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk og samfunnsliv
- Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap i mottak
Kven er i målgruppa
- Asylsøkarar som bur i mottak, og som er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkaren- får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i Utlendingsdirektoratet
- blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter utlendingslova § 32
- bur på ankomstsenter eller i transittmottak
- har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet på søknad om vern
Korleis blir tilskota berekna
- Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.
- Personar kan berre utløyse tilskota éin gong.
- Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.
Slik får kommunen tilskot
Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast inneverande kvartal etter at personar i målgruppa er registrerte inn i ordinært mottak.
Når blir tilskotsmidlane utbetalte
Planlagd utbetaling:
- 1.termin utbetalast i starten av april
- 2.termin utbetalast i starten av juli
- 3.termin utbetalast i starten av oktober
- 4.termin utbetalast i midten av desember