Tilsynsinstruks 2026 - 2028 (nynorsk)

Overordna tema for nasjonalt tilsyn av integreringslova 2026-2028

Tilsynstemaet for perioden 2026–2028

Hovudtemaet for nasjonalt tilsyn på integreringsområdet 2026–2028 er

deltakaren sin integreringsplan – vegen til eit tilpassa og målretta introduksjonsprogram

Tilsynet har tre alternative deltema. De må velje eitt av deltemaa i kvart tilsyn. Dette gir handlingsrom for å tilpasse tilsynet til risikoen i kvar kommune. Dei tre deltemaa er

  • deltema 1: fastsetjing av sluttmål
  • deltema 2: opplæring i samfunnskunnskap
  • deltema 3: omfanget av introduksjonsprogrammet

Hovudtemaet er valt etter ei risikovurdering på nasjonalt nivå, med utgangspunkt i mellom anna informasjon frå klagesaker, tilsyn, aktuelle forskingsrapportar, ei brukarundersøking og i tillegg innspela IMDi har fått frå relevante aktørar på integreringsområdet.

 

Formålet med tilsynet

I integreringsplanen skal kommunen skriftleggjere vurderingane sine, at introduksjonsprogrammet er tilpassa kvar deltakar, og sluttmålet til deltakaren. Integreringsplanen samanfattar bakgrunnen til deltakaren og beskriv innhaldet i introduksjonsprogrammet til deltakaren. For deltakaren synleggjer integreringsplanen korleis innhaldet i programmet endrar seg over tid, til dømes viser integreringsplanen korleis omfanget av arbeidsretta element for dei som har eit arbeidsretta løp, aukar gjennom programtida. Planen skal gi deltakarane god oversikt over introduksjonsprogrammet og dermed bidra til at deltakarane får eigarskap til eige introduksjonsprogram og får gjennomført eit godt og tilpassa introduksjonsprogram som starten på kvalifiseringsløpet i Noreg.

Integreringsplanen er eit dynamisk dokument som skal vurderast jamleg og endrast når det trengst. I ein god integreringsplan kan ein lese kva vurderingar kommunen har gjort når dei har tilpassa tilbodet til kvar enkelt. Med integreringsplanen som overordna tema blir tilsynet retta mot dei viktige vurderingane kommunen gjer for kvar deltakar.

Når integreringsplanen er hovudtemaet, får tilsynet ei tydeleg overordna retning. I den nasjonale brukarundersøkinga for deltakarar i introduksjonsprogram for 2022 og 2023 kom det fram at om lag ein tredel av deltakarane ikkje hadde fått integreringsplan. Tilsynet med deltakaren sin integreringsplan skal bidra til at kvar deltakar får ein integreringsplan som er i samsvar med krava i regelverket, og til at kommunen gir opplæring i samsvar med integreringsplanen.

Deltema 1 og 3 omfattar berre deltakarar i introduksjonsprogram, medan deltema 2 omfattar både dei i introduksjonsprogram og dei som berre går i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Bakgrunnen for at deltema 2 også inkluderer gruppa som går i opplæring i norsk og samfunnskunnskap, er at å skilje mellom gruppene som får opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter integreringslova i same kommune, er lite tenleg – spesielt sidan personar som berre får opplæring i norsk og samfunnskunnskap, vanlegvis har mindre oppfølging frå kommunen enn deltakarar i introduksjonsprogram.

Overordna om avgrensing av tilsynstemaet

Deltema 2 omfattar både deltakarar i introduksjonsprogram og deltakarar som berre går i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Deltema 1 og 3 omfattar berre deltakarar i introduksjonsprogram. Sjølv om hovudtemaet og dei tre deltemaa samla sett femnar vidt, er dei spissa og avgrensa for å sikre målretta, effektive og treffsikre tilsyn.

Under kvart deltema i rettsleg grunnlag er tilsynstemaet konkret avgrensa. Dette inneber at de i dette nasjonale tilsynet berre skal undersøkje praksisen til kommunen på dei områda som er nemnde i kontrollskjemaet. Dersom de oppdagar brot på regelverket som ligg utanfor tilsynet, må de nytte informasjonen i risikovurderingane dykkar eller følgje dette opp på annan måte. De skal ikkje omtale eventuelle andre brot på regelverket i tilsynsrapporten. 

Tilsynsheimel og kommunelova

Statsforvaltaren skal utføre tilsynet etter reglane i kommunelova kapittel 30 om statleg tilsyn. Kapittel 30 inneheld generelle føresegner for statleg tilsyn med kommunane. Tilsynet frå statsforvaltaren er eit lovlegheitstilsyn, jf. kommunelova § 30-2. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med oppfyllinga av dei pliktene kommunen er pålagd i eller i medhald av lov.

Heimelen for tilsynet frå statsforvaltaren er lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) § 48. Tilsynsheimelen statsforvaltaren har etter integreringslova, omfattar berre pliktene etter kapittel 3 til 6 og §§ 394043 og 50 i lova. Statsforvaltaren kan òg føre tilsyn med plikta kommunen har til å ha internkontroll etter lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova) § 25-1. Tilsynet kan vidare omfatte forskrifter knytte til desse lovføresegnene og dessutan relevante føresegner i forvaltningslova. Kommunelova gir statsforvaltaren rett til innsyn i alle kommunale saksdokument og til å krevje at kommunale eller fylkeskommunale organ, folkevalde og tilsette gir dei opplysningane og meldingane som er nødvendige og relevante for å gjennomføre tilsyn, jf. kommunelova § 30-3 første ledd. Dette gjeld òg for andre som utfører kommunale eller fylkeskommunale oppgåver på vegner av kommunen eller fylkeskommunen. Teieplikt er ikkje til hinder for innsynet og undersøkingane til statsforvaltaren.

Statsforvaltaren kan gi pålegg til kommunen om å rette forhold som er i strid med dei føresegnene statsforvaltaren fører tilsyn med oppfyllinga av, jf. kommunelova § 30-4.

Kommunen står ansvarleg for at innbyggjarane får dei tenestene dei har krav på, både når det er kommunen som sjølv løyser oppgåvene, og når oppgåveløysinga er lagd til interkommunale samarbeidsorgan eller andre aktørar. Kommunen har ansvaret for å oppfylle alle lovkrav, sjølv om kommunen vel å løyse oppgåvene sine gjennom interkommunalt samarbeid eller kjøp av tenester. Kommunen kan ikkje delegere seg bort frå eller organisere seg bort frå ansvaret sitt.

IMDi ønskjer å gjere særleg merksam på utfordringar knytte til interkommunalt samarbeid i dette tilsynet, til dømes i samband med forskjellane mellom kommunale oppgåvefellesskapar og vertskommunesamarbeid. For ytterlegare informasjon om interkommunalt samarbeid etter kommunelova, viser IMDi til Regjeringens veileder om interkommunalt samarbeid.

Oppdraget til statsforvaltaren

Oppdraget på tilsynsområdet står i hovudinstruksen til statsforvaltaren og i det årlege tildelingsbrevet. Desse er tilgjengelege på Styringsportalen for statsforvalteren.

Val av kommunar for tilsyn

De vel sjølve kva deltema og kva kommunar det skal førast tilsyn med. De skal gjere ei risikovurdering av kor stort sannsynet for brot på regelverket er, og kva konsekvensane av brot vil vere.

I valet av kommunar kan de òg leggje vekt på mellom anna desse momenta:

  • informasjon frå førespurnader, hendingar, bekymringsmeldingar og klager
  • størrelsen på kommunen, talet på personar kommunen buset, og kor mange deltakarar det er i lovpålagde ordningar
  • verktøyet kommunebilete og dialogen de har med kommunane  
  • plikta de som statsforvaltarar har til å samordne tilsyna med kommunane

Informasjon om kva kommunar som har deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap, finn de i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR). Statsforvaltaren har tilgang til NIR. Spørsmål om tilgang til og bruk av NIR kan de rette til IMDi.

Praktisk gjennomføring av tilsynet

Tilsynet skal de gjennomføre i samsvar med denne instruksen, inkludert kontrollskjemaa og metodehandboka. Instruksen og metodehandboka inneheld føringar frå IMDi for korleis de skal gjennomføre tilsyn med kommunane.

Det overordna tilsynstemaet inneheld tre alternative deltema. Kvart tilsyn skal berre ta for seg av eitt av desse deltemaa.

Kontrollskjemaa er utforma slik at de skal føre tilsyn både med korleis kommunen tek seg av pliktene sine i praksis, og korleis denne praksisen er dokumentert og skriftleggjord. Under kvart deltema er det derfor pålegg knytte til praksis og pålegg knytte til utarbeidinga og det skriftlege innhaldet i integreringsplanen. Det er dermed mogleg at ein kommune oppfyller pålegget for praksis, men ikkje for skriftleggjering, og motsett. Vi har løyst det slik for å synleggjere både kor viktig integreringsplanen er i seg sjølv, og for at deltakaren faktisk får det hen har rett på.

I tilsyn frå statsforvaltaren er det vanlegvis opp til dykk å vurdere korleis de skal opplyse saka og gjennomføre tilsyna. Ut frå ei vurdering av kva informasjon som er nødvendig og relevant for å opplyse saka, må de vurdere om det er nok å innhente skriftleg dokumentasjon, eller om de må gjennomføre eit stadleg tilsynsbesøk. Eit stadleg tilsynsbesøk med intervju av tilsette og deltakarar kan gi informasjon om praksisen kommunen har, som ikkje er tilgjengeleg i den skriftlege dokumentasjonen. I det nasjonale tilsynet er det gitt instruks om korleis tilsynet skal gjennomførast. Dette kjem fram i kontrollskjemaet for kvart enkelt deltema. Føringane i kontrollskjemaa kan berre fråvikast i særlege tilfelle der det openbert ikkje er nødvendig å gjennomføre ytterlegare tiltak for å opplyse saka, sjå kommunelova § 30-3.

For dei tre deltemaa er det føringar for å intervjue deltakarar. Intervju med deltakarar vil kunne vere spesielt nyttig for å vurdere om kommunen har involvert deltakarane. I kontrollskjemaet for kvart deltema blir det derfor spesifisert om det er påkravd at de gjennomfører intervju med deltakarar for å svare på kontrollspørsmåla. Kvart deltema inneheld vidare føringar for minimumstalet på deltakarar som de skal intervjue. Det er likevel frivillig for deltakarane å la seg intervjue. Dersom berre to deltakarar ønskjer å stille til intervju, er det nok at de gjennomfører intervju med dei.

I dei fleste intervjua med deltakarar er det nødvendig å bruke tolk. Det er de sjølve som er ansvarlege for å opplyse saka og skaffe tolk til deltakarar i samband med tilsyn. Når ein deltakar er vald ut og de har fått oppgitt språk, bør det dermed vere de som bestiller og betaler for tolk. For ytterlegare rettleiing om tolk, viser IMDi til Tolking i offentlig sektor.

De kan samanhalde opplysningane i integreringsplanen eller annan dokumentasjon i deltakarmappa med registrerte opplysningar om deltakaren i NIR, til dømes om og når sluttmålet for introduksjonsprogrammet er registrert for deltakaren. Dette er ein måte å undersøkje om til dømes rutinane til kommunen blir følgde i praksis.

 

Uklarleikar, feil og andre tilbakemeldingar

Denne tilsynsinstruksen er eit levande dokument. Sjølv om tilsynsopplegget har vore pilotert og på høyring, veit vi at det kan dukke opp behov for ytterlegare avklaringar av regelverket og andre endringar. Etter kvart som de får erfaringar frå dette tilsynstemaet, vil de kunne komme over spørsmål som det ikkje er svart på, eller oppleve at det trengst justeringar i instruksen. Alle slike spørsmål og innspel skal de sende til IMDi. Vi held embeta fortløpande orienterte om avklaringar og eventuelle endringar.

Generelt om rettslege krav

IMDi har utarbeidd ein kort tekst om formålet med tilsynet og to versjonar av dei rettslege krava for kvart av dei tre delmåla. Kortversjonen kan de bruke i opningsbrev eller andre stader der de ønskjer å kort beskrive dei rettslege krava i tilsynet.

Den fullstendige versjonen skal de bruke i tilsynsrapportane. De kan òg bruke denne som eit vedlegg til opningsbrevet eller andre stader. De kan dele teksten opp i mindre delar i rapportane, dersom det er det mest tenlege.