Integreringstilskot

Sist oppdatert: 8. mars 2024

Kort om tilskotet

  • Integreringstilskotet er digitalisert. For meir informasjon, sjå Digitalisering av integreringstilskot
  • Denne ordninga består av integreringstilskot, eldretilskot og barnehagetilskot.
  • Formålet med tilskotet er at kommunane skal gjennomføre eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane kan forsørge seg sjølve og ta del i samfunnet.
  • Tilskotet skal i hovudsak dekke dei gjennomsnittlege utgiftene kommunen har til arbeidet i busettingsåret og dei fire neste åra. Kommunane får tilskot for kvar person dei buset.

Kriterium for å få tilskot

Kommunar har rett på tilskot dersom dei buset personar i desse målgruppene:

Personar med eit opphaldsløyve som gir rett til fornya opphald og/eller permanent opphald, og som

  • har fått vern med flyktningstatus (asyl) i Noreg
  • har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag (asyl)
  • har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon
  • er overføringsflyktning

Personar som blir innvilga familieinnvandring med personar med eit løyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve og fornying. Dette gjeld anten dei kjem samtidig med hovudpersonen til Noreg eller får familieinnvandring på eit seinare tidspunkt, men berre så lenge hovudpersonen er omfatta av integreringstilskotsordninga.

Kommunane får utbetalt integreringstilskot i tre år for personar som kjem til landet i familieinnvandring med personar som har opphald på humanitært grunnlag.

Følgande grupper som blir busette etter avtale mellom kommunen og IMDi, utløyser integreringstilskot sjølv om dei som bur her, ikkje har grunnlag for permanent opphaldsløyve:

personar som har fått eit fornybart, avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl, som medlem i ein barnefamilie

personar som har fått eit fornybart, avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl, som einsleg mindreårig flyktning

personar som har fått opphald fordi ein eller fleire av følgande forhold utløyser integreringstilskot, og som har rett og plikt til introduksjonsprogram

  • fordi dei har blitt mishandla i samlivsforhold
  • fordi dei ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av sosiale eller kulturelle forhold
  • fordi dei har vore utsette for tvangsekteskap
  • barn som blir fødde inntil seks månader etter at mor er busett i ein kommune, dersom mor er busett etter avtale mellom kommunen og IMDi

Personar med avslag på søknad om asyl som har opphalde seg i Noreg i over 16 år etter at asylsøknaden blei innlevert og har ein samla alder og opphaldstid på minst 65 år, jf. eingongsløysinga G-14/2021. 

Personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphaldsløyve på grunnlag av asyl, er overføringsflyktningar eller har fått innvilga kollektivt ver. Føresetnaden er at dei blir busette etter avtale mellom kommunen og IMDi.

Kva kan tilskotet dekke?

Integreringstilskotet skal

  • bidra til ei rimeleg dekning av utgifter til busetting og integrering av flyktningar i busettingsåret og dei neste fire åra
  • bidra til rask og treffsikker busetting
  • bidra til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørge seg sjølve og delta aktivt i samfunnet
  • bidra til rask busetting av eldre og flyktningar med nedsett funksjonsevne og/eller åtferdsvanskar
  • saman med tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap finansiere introduksjonsprogrammet

Kva skal tilskotet brukast til

Integreringstilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen har for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen. Integreringstilskotet skal bidra til å gi ei rimeleg dekning av utgiftene kommunen har til mellom anna desse tenestene:

  • innvandrar- og flyktningkontortenester
  • bustad- og bustadadministrasjonstenester
  • introduksjonsprogram/introduksjonsstønad
  • sysselsettingstiltak
  • yrkeskvalifisering og arbeidstrening
  • sosialkontor/sosialtenester
  • barne- og ungdomsverntenester
  • tolketenester
  • barnehagetenester
  • integreringstiltak i grunnskolen
  • kultur- og ungdomstiltak
  • utgifter til den kommunale helsetenesta
  • omsorg for personar med rusproblem / støttekontakt

Dette får de i tilskot

Det er ulike satsar for tilskot, avhengig av kva kategori ein person blir busett som i år 1.

Frå år 2 til år 5 blir det utbetalt same tilskot per person, uavhengig av kva kategori personen tilhøyrer. Størrelsen på satsane for år 2–5 varierer, høgast for det andre året. Tilskotet blir som regel utbetalt i fem år. Det omfattar også familieinnvandra med flyktningar. Dei som får familieinnvandring med personar på humanitært grunnlag, utløyser tilskot i tre år.

I år 1 blir heile integreringstilskotet utbetalt frå personen er registrert busett. I år 2–5 blir tilskotet utbetalt fire gonger i året (terminutbetaling).

Satsar for integreringstolskot etter revidert statsbudsjett i 2023 (Juni):

 

Satsar for integreringstolskot etter revidert statsbudsjett i 2023 (Juni):

Tilskot for år 1 (busettingsåret)

Med år 1 meiner vi året for første busetting av flyktningar.

I desse tilfella definerer vi år 1 slik: 

  • For personar som får vern (asyl), eller som får opphald på humanitært grunnlag, blir det utbetalt integreringstilskot år 1 frå datoen dei blir busette i ein kommune første gong. 
  • Dersom familiemedlemmer får innvilga familieinnvandring med desse personane, får kommunen tilskot for dei frå dei kjem til kommunen (førstegongs opphaldsløyve). I enkelte tilfelle kjem familien til landet før søknaden om familieinnvandring er innvilga. I dei tilfella er det året for innvilging som gjeld som år 1.
  • For personar som har fått innvilga familieinnvandring allereie før dei kjem til Noreg, vil integreringstilskot for år 1 bli utbetalt frå den datoen dei har komme til kommunen, jf. registrert adresse i DSF. Ved utbetaling av tilskot er det ein føresetnad at dei har blitt registrerte hos politiet (at opphaldsvedtaket deira er underretta) og adresse registrert hos DSF (Det sentrale folkeregisteret).

Eingongstilskot for personar over 60 år (eldretilskot) år 1 

  • Tilskotet blir utbetalt for personar som har fylt 60 år ved busetting i 2023.
  • Tilskotet blir utbetalt samtidig med integreringstilskot år 1.

Eingongstilskot for barn 0–5 år (barnehagetilskot) år 1

  • Tilskotet blir utbetalt per barn i aldersgruppa 0–5 år. For 2023 vil barn som er fødde 1. januar 2018 eller seinare, gi rett til tilskot. Eingongstilskotet omfattar også barn som er fødde inntil 6 månader etter at mor er busett med offentleg hjelp i ein kommune.
  • Tilskotet skal bidra til tilrettelegging i barnehage for nykomne flyktningar, for eksempel med tospråklege assistentar. 
  • Tilskotet blir utbetalt samtidig med integreringstilskot år 1.

Tilskot for einslege vaksne år 1

  • Personar som blir busette utan familie, blir definerte som einslege vaksne. Vaksne personar som blir busette saman med andre familiemedlemmer i éi og same bueining, er ikkje å rekne som einslege vaksne når det gjeld utbetaling av integreringstilskot. Dette gjeld også einslege vaksne søsken som blir busette i same bukollektiv, og sambuarar/partnarar som blir busette i same bueining.

Tilskot år 2 til 5

  • Integreringstilskot for år 2–5 omfattar personar som har utløyst integreringstilskot for år 1 i åra 2019–2022. For desse åra treng kommunen ikkje å søke, tilskotet kjem automatisk.
  • Den kommunen der personen er registrert busett, vil få utbetalt integreringstilskot for 2023. 
  • Ein viktig føresetnad for at integreringstilskotet for ein person skal bli utbetalt til riktig kommune, er at personen har meldt flytting til folkeregisteret (via skattekontoret). 
  • Forvaltninga av tilskotsordninga er i løpet av 2021 blitt digitalisert. Alle kommunar finn oppdaterte utbetalingsgrunnlag i portalen IMDi Tilskot. Link til påloggingsside: Innlogging til IMDis digitale tenester | IMDi

Tilskot for einslege mindreårige flyktningar 

  • Særskilt tilskot blir utbetalt til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar under 18 år. 
  • Særskilt tilskot for år 1 blir utbetalt frå månaden den einslege mindreårige blir busett. 
  • Særskilt tilskot frå og med år 2 blir utbetalt kvart år ut det året den einslege mindreårige fyller 20 år.  
  • Einslege mindreårige flyktningar som fyller 18 år ved busetting, utløyser integreringstilskot med sats for einslege mindreårige. 
  • Les meir om denne ordninga i rundskriv 03/2022. 

Slik blir tilskotet fordelt dersom personen flyttar mellom kommunar

  • NB: I rundskrivet for 2022 er det gjort endringar i rutinane ved utbetaling av tilskot i samband med flytting mellom kommunar. IMDi utbetaler tilskotet til kommunen der personen har folkeregistrert adresse.
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar i tilskotsåret, må personen melde flytting til folkeregisteret innan åtte dagar etter flytting. Tilskotet i flytteåret blir da fordelt mellom dei to kommunane. 
  • Ved flytting blir tilskotet til fråflyttingskommunen utbetalt ut inneverande og påfølgande månad. Deretter mottar tilflyttingskommunen tilskotet. Det er registreringsdato i folkeregisteret som legg føringar for berekning av tilskotsdelinga (inneverande månad). Fordelinga gjeld alle tilskot. 

Folkeregisteret nyttar både flyttedato og registreringsdato. Det kan derfor hende at ein person har flytta i 2021, men at flyttinga først blir registrert i 2022. I slike tilfelle vil tilskotsutbetalinga bli korrigert ved neste terminutbetaling.

Dersom ein person har flytta til ein annan kommune, er hovudregelen at det ikkje er nødvendig å melde frå til IMDi om dette. Dersom kommunen bli merksam på at ein person som har registrert flyttedato i DSF, ikkje får korrigert tilskotsutbetalinga, ber vi om at kommunen informerer IMDi via endringsførespurnad i IMDi Tilskot. Hovudregelen er at flytting skal vere avklart mellom kommunane når flyttinga skjer innanfor 5 år frå busettingsdatoen. Automatisk utbetaling av tilskot til den registrerte bustadkommunen er ikkje ein aksept av flytting mellom kommunar.

Dersom det oppstår tvistar om deling av tilskot mellom kommunar, avgjer IMDi tvisten.

Tilflyttingskommunen har i perioden det blir utbetalt integreringstilskot, berre ansvar for å yte sosiale tenester til den som flyttar dit, dersom flyttinga er eksplisitt avtalt med fråflyttingskommunen/busettingskommunen (eller det er openbert urimeleg å avslå søknaden), jf. lov om sosiale tjenester.

Dersom flyttinga ikkje er avtalt, kan Nav-kontoret i tilflyttingskommunen avslå søknad om tenester med tilvising til ansvaret busettingskommunen har, med mindre det er openbert urimeleg. Det kan for eksempel vere openbart urimeleg å vise til busettingskommunen dersom vedkommande har nær familie i tilflyttingskommunen eller er offer for tvangsekteskap. Det same gjeld dersom personen er sjølvforsørgande i tilflyttingskommunen, men søker økonomisk stønad i ein nødssituasjon, eller dersom vedkommande treng hjelp etter å ha vore sjølvforsørgd ein periode.

Dersom det er ueinigheit mellom fråflyttingskommunen og tilflyttingskommunen om kva for kommune som er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova og for økonomisk sosialhjelp etter lov om sosiale tjenester, er det Statsforvaltaren som avgjer dette. IMDi vil legge denne avgjerda til grunn for deling av tilskota. 

Hva gjør vi når en person utvandrer?

Send supportsak eller endringsforespørsel i IMDi Tilskudd med måned for utvandring. NB! Melding må sendes folkeregisteret. Bruk tips-skjema på skatteetaten.no.

Når noko ekstraordinært skjer

Kva skjer med tilskotet dersom personen døyr, reiser ut av landet eller flyttar tilbake til mottak?

  • Kommunen skal melde (endringsmelding i IMDi Tilskot) frå til IMDi dersom dei får kjennskap til at personar som utløyser integreringstilskot, er døde eller har forlate landet, slik at IMDi kan stoppe den automatiske utbetalinga av tilskot. Tilskotet blir utbetalt til busettingskommunen i tre – 3 – påfølgande månader.
  • Dersom ein flyktning eller ein person med opphald på humanitært grunnlag først vender tilbake til heimlandet og så kjem tilbake til Noreg, vil kommunen få integreringstilskot dersom personen framleis er i målgruppa. Hovudprinsippet er at det blir utbetalt integreringstilskot for den tida personen reelt er busett, men ikkje for meir enn totalt fem år.
  • Dersom ein person flyttar inn i mottak igjen etter å ha vore busett i ein kommune, blir integreringstilskotet stoppa tre – 3 – månader etter at personen flytta inn i mottak. Dersom personen blir busett på nytt, blir tilskotet reaktivert frå der det blei stoppa, og gjeldande beløp for året blir utbetalt til den kommunen som buset personen på nytt. Hovudprinsippet er at det blir utbetalt integreringstilskot for den tida personen reelt er busett, men ikkje for meir enn totalt fem år.

Tilskot for barn etter omsorgsovertaking

Den kommunen som har omsorgsansvaret for barnet, har krav på å få heile integreringstilskotet. I slike situasjonar gjeld dette:

  • Busettingskommunen må informere IMDi om kva for kommune som har kostnadene, og den automatiske utbetalinga av tilskota til bustadkommunen må stoppast.
  • Kommunane det gjeld, må inngå ein skriftleg avtale om kva kommune som har kostnadene og skal motta tilskotet.
  • Kommunen som har kostnadene, må kvart år søke IMDi om tilskotet innan utgangen av februar, og ein kopi av avtalen mellom kommunane må leggast ved søknaden. Dersom tilskota er utbetalte til bustadkommunen, kan kommunen som har omsorga og kostnadene, krevje å få heile tilskotet overført frå bustadkommunen.

Kommunen kan sende inn avtalen via endringsmelding i IMDi Tilskot eller via digital post til IMDi.  

Slik søker de

Med IMDi Tilskot er det ikkje lenger nødvendig å søke om integreringstilskot for personar som er busette etter 01.01.2021. For personar som er busette i kommunen i 2020 og tidlegare, og som ikkje har utløyst tilskot tidlegare, må kommunen søke om tilskot som før, ved å sende inn skjema. Sjå sida vår om Tilskot 2020

Når blir tilskotsmidlane utbetalte?

For år 1–5 blir tilskotet utbetalt fire gonger i året:

  • april
  • juni
  • oktober
  • desember
Status for utbetaling av integreringstilskudd og norsktilskudd

Oppfølging og rapportering

  • Kommunen skal kontrollere grunnlaget for utbetaling av tilskotet og sende IMDi endringsmelding i den nye tilskotsløysinga IMDi Tilskot så snart som mogleg. 
  • Kommunen har plikt til å melde frå dersom dei får kjennskap til at en person døyr, reiser utanlands eller flytter tilbake til mottak.
  • Kommunane treng ikkje å legge fram ein eigen rekneskap eller ein eigen rapport for bruk av integreringstilskot, men IMDi og Riksrevisjonen kan kontrollere bruken av tilskotsmidlane.
  • Kvart år vil eit berekningsutval kartlegge utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar.

Klagerett

Kommunane har ikkje rett til å klage på tildeling av tilskot eller krav om tilbakebetaling av tilskot (fvl. §§ 3 første ledd og 28). Utover dette gjeld saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.

Foreldingsfristen er tre år (foreldingslova §§ 2 og 3).

Tilskotskalkulator

Rundskriv

Kontakt oss

Kontaktsenter for IMDinett kan svare på spørsmål om tilskuddet.

For generelle spørsmål om tilskuddsordningen:

Spørsmål knyttet til konkrete saker om tilskudd sendes gjennom IMDi Tilskudd som endringsforespørsel. Eventuelt kan spørsmål sendes som supportsak.

Fant du det du lette etter?