Integreringstilskudd
Søknadsfrist
Løpende frist
Utbetales
Kvartalsvis utbetaling
Sist oppdatert: 07. juli 2026
Spørsmål knyttet til konkrete saker om tilskudd sendes gjennom IMDi Tilskudd som endringsforespørsel.
Eventuelt kan spørsmål sendes som supportsak.
For spørsmål om tilskuddsordningen:
tastevalg 4 (tirsdag til torsdag mellom 09:00 og 11:30)
Kriterium for å få tilskot
Kommunar har rett på tilskot for personar i desse målgruppene:
Personar med eit opphaldsløyve som gir rett til fornya opphald og/eller permanent opphald, og som
- har fått vern med flyktningstatus (asyl) i Noreg
- har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag (asyl)
- har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon
- er overføringsflyktning
Personar som blir innvilga familieinnvandring med personar med eit løyve som dannar grunnlag for permanent opphaldsløyve og fornying. Dette gjeld anten dei kjem samtidig med hovudpersonen til Noreg eller får familieinnvandring på eit seinare tidspunkt, men berre så lenge hovudpersonen er omfatta av integreringstilskotsordninga.
Kommunane får utbetalt integreringstilskot i tre år for personar som kjem til landet i familieinnvandring med personar som har opphald på humanitært grunnlag.
Følgande grupper som blir busette etter avtale mellom kommunen og IMDi, utløyser integreringstilskot sjølv om dei som bur her, ikkje har grunnlag for permanent opphaldsløyve:
personar som har fått eit fornybart, avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl, som medlem i ein barnefamilie
personar som har fått eit fornybart, avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl, som einsleg mindreårig flyktning
personar som har fått opphald fordi ein eller fleire av følgande forhold utløyser integreringstilskot, og som har rett og plikt til introduksjonsprogram
- fordi dei har blitt mishandla i samlivsforhold
- fordi dei ikkje kan returnere til heimlandet på grunn av sosiale eller kulturelle forhold
- fordi dei har vore utsette for tvangsekteskap
- barn som blir fødde inntil seks månader etter at mor er busett i ein kommune, dersom mor er busett etter avtale mellom kommunen og IMDi
Personar med avslag på søknad om asyl som har opphalde seg i Noreg i over 16 år etter at asylsøknaden blei innlevert og har ein samla alder og opphaldstid på minst 65 år, jf. eingongsløysinga G-14/2021.
Personar som blir busette frå mottak sjølv om dei ikkje har opphaldsløyve på grunnlag av asyl, er overføringsflyktningar eller har fått innvilga kollektivt ver. Føresetnaden er at dei blir busette etter avtale mellom kommunen og IMDi.
Kva kan tilskotet dekke?
Integreringstilskotet skal
- bidra til ei rimeleg dekning av utgifter til busetting og integrering av flyktningar i busettingsåret og dei neste fire åra
- bidra til rask og treffsikker busetting
- bidra til at kommunane gjennomfører eit planmessig og aktivt busettings- og integreringsarbeid, slik at flyktningane snarast mogleg får arbeid og kan forsørge seg sjølve og delta aktivt i samfunnet
- bidra til rask busetting av eldre og flyktningar med nedsett funksjonsevne og/eller åtferdsvanskar
- saman med tilskotet til opplæring i norsk og samfunnskunnskap finansiere introduksjonsprogrammet
Kva skal tilskotet brukast til
Integreringstilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte flyktningen har for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen. Integreringstilskotet skal bidra til å gi ei rimeleg dekning av utgiftene kommunen har til mellom anna desse tenestene:
- innvandrar- og flyktningkontortenester
- bustad- og bustadadministrasjonstenester
- introduksjonsprogram/introduksjonsstønad
- sysselsettingstiltak
- yrkeskvalifisering og arbeidstrening
- sosialkontor/sosialtenester
- barne- og ungdomsverntenester
- tolketenester
- barnehagetenester
- integreringstiltak i grunnskolen
- kultur- og ungdomstiltak
- utgifter til den kommunale helsetenesta
- omsorg for personar med rusproblem / støttekontakt
Dette får de i tilskot
Det er ulike satsar for tilskot, avhengig av kva kategori ein person blir busett som i år 1.
Frå år 2 til år 5 blir det utbetalt same tilskot per person, uavhengig av kva kategori personen tilhøyrer. Størrelsen på satsane for år 2–5 varierer, høgast for det andre året. Tilskotet blir som regel utbetalt i fem år. Det omfattar også familieinnvandra med flyktningar. Dei som får familieinnvandring med personar på humanitært grunnlag, utløyser tilskot i tre år.
I år 1 blir heile integreringstilskotet utbetalt frå personen er registrert busett. I år 2–5 blir tilskotet utbetalt fire gonger i året (terminutbetaling).
Satsar for integreringstolskot:
Integreringstilskudd
- Bosettingsår 1 (2026):
- 250 500 kroner (enslige voksne)
- 202 000 kroner (voksne - personer regnes som voksne fra og med det året de fyller 18 år.)
- 194 300 kroner (enslige mindreårige - Enslige midreårige flyktninger utløser integreringstilskudd år 1 med sats sor enslige mindreårige flyktninger. Dette gjelder også enslige mindreårige flyktninger som har fylt 18 år ved bosetting.
- 202 000 kroner (barn)
- Bosettingsår 2 (2025) 259 200 kroner
- Bosettingsår 3 (2024) 184 300 kroner
- Bosettingsår 4 (2024) 91 400 kroner
- Bosettingsår 5 (2022) 74 800 kroner
Barnehagetilskudd:
- Bosettingsår 1 (2026) 28 900 kroner (engangstilskudd)
Eldretilskudd:
- Bosettingsår 1 (2026) 187 600 kroner (engangstilskudd)
Tilskot for år 1 (busettingsåret)
Med år 1 meiner vi året for første busetting av flyktningar.
I desse tilfella definerer vi år 1 slik:
- For personar som får vern (asyl), eller som får opphald på humanitært grunnlag, blir det utbetalt integreringstilskot år 1 frå datoen dei blir busette i ein kommune første gong.
- Dersom familiemedlemmer får innvilga familieinnvandring med desse personane, får kommunen tilskot for dei frå dei kjem til kommunen (førstegongs opphaldsløyve). I enkelte tilfelle kjem familien til landet før søknaden om familieinnvandring er innvilga. I dei tilfella er det året for innvilging som gjeld som år 1.
- For personar som har fått innvilga familieinnvandring allereie før dei kjem til Noreg, vil integreringstilskot for år 1 bli utbetalt frå den datoen dei har komme til kommunen, jf. registrert adresse i DSF. Ved utbetaling av tilskot er det ein føresetnad at dei har blitt registrerte hos politiet (at opphaldsvedtaket deira er underretta) og adresse registrert hos DSF (Det sentrale folkeregisteret).
Eingongstilskot for personar over 60 år (eldretilskot) år 1
- Tilskotet blir utbetalt for personar som har fylt 60 år ved busetting i 2026.
- Tilskotet blir utbetalt samtidig med integreringstilskot år 1.
Eingongstilskot for barn 0–5 år (barnehagetilskot) år 1
- Tilskotet blir utbetalt per barn i aldersgruppa 0 - 5 år. For 2026 vil barn som er fødde 1. januar 2021 eller seinare, gi rett til tilskot. Eingongstilskotet omfattar også barn som er fødde inntil 6 månader etter at mor er busett med offentleg hjelp i ein kommune.
- Tilskotet skal bidra til tilrettelegging i barnehage for nykomne flyktningar, for eksempel med tospråklege assistentar.
- Tilskotet blir utbetalt samtidig med integreringstilskot år 1.
Tilskot for einslege vaksne år 1
- Personar som blir busette utan familie, blir definerte som einslege vaksne. Vaksne personar som blir busette saman med andre familiemedlemmer i éi og same bueining, er ikkje å rekne som einslege vaksne når det gjeld utbetaling av integreringstilskot. Dette gjeld også einslege vaksne søsken som blir busette i same bukollektiv, og sambuarar/partnarar som blir busette i same bueining.
Tilskot år 2 til 5
- Integreringstilskot for år 2–5 omfattar personar som har utløyst integreringstilskot for år 1 i åra 2022 - 2025. For desse åra treng kommunen ikkje å søke, tilskotet kjem automatisk.
- Den kommunen der personen er registrert busett, vil få utbetalt integreringstilskot for 2026.
- Ein viktig føresetnad for at integreringstilskotet for ein person skal bli utbetalt til riktig kommune, er at personen har meldt flytting til folkeregisteret (via skattekontoret).
- Forvaltninga av tilskotsordninga ble digitalisert i 2021. Alle kommunar finn oppdaterte utbetalingsgrunnlag i portalen IMDi Tilskot.