Ny stortingsmelding: Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk
I ei ny melding til Stortinget presenterer regjeringa korleis integreringspolitikk og tiltak bør organiserast for at fleire nykomne innvandrarar med fluktbakgrunn skal komme raskare i jobb eller utdanning.
Meldinga «Fra mottak til arbeidsliv – en effektiv integreringspolitikk» tek utgangspunkt i migrasjonsbiletet i Europa og Noreg i 2015 og 2016. Justis- og beredskapsdepartementet la fram meldinga 11. mai.
– Meldinga legg opp til raskare kvalifisering, noko som vil bidra til betre integrering. Forvaltinga står klar til å følgje opp tiltaka. IMDi vil ha eit tett samarbeid med kommunar og sektormyndigheiter om oppfølginga, seier Geir Barvik, direktør i IMDi.
Revidert nasjonalbudsjett
Meldinga blei lagd fram samtidig med revidert nasjonalbudsjett 2016. I det reviderte nasjonalbudsjettet foreslår regjeringa å løyve til saman 59 millionar kroner til målretta tiltak på integreringsområdet.
I tillegg varslar regjeringa at dei foreslår å vidareføre ekstratilskota til busetjingskommunar på nesten 320 millionar kroner til 2017.