Grimstad vann busetjingsprisen

200-årsjubilanten Grimstad kommune har vore ein spydspiss i integreringsarbeidet i fleire år. Kommunen har i tillegg markert seg med ein solid busetjingsinnsats i 2015.

Sist oppdatert: 12. mai 2016

I 2015 var det behov for å busetje langt fleire flyktningar enn tidlegare år, og Grimstad svarte med å seie ja til å busetje 71 flyktningar – 16 fleire enn dei planlagde 45.

– Kommunen ser på busetjing av flyktningar som eit samfunnsansvar og har gjort ein kraftinnsats i året som har gått. Busetjings- og integreringsarbeidet er godt forankra i den politiske og administrative leiinga, seier Geir Barvik, IMDis direktør og juryformann for busetjingsprisen.

Prisen blei delt ut av statssekretæren i Justis- og beredskapsdepartementet, Hanne Caroline Simonsen Iversen, på Maihaugenkonferansen 12. mai.

Satsar på den private utleigemarknaden

Grimstad bruker berre 10 prosent av kommunale bustader til å huse flyktningar. For å kunne busetje stadig fleire flyktningar har Grimstad gått aktivt ut mot private utleigarar. Dei mange gode erfaringane med å bruke private utleigarar gjer at fleire ønskjer å bruke utleigeobjekta sine til busetjingsarbeid.

– Bustad er eit viktig første ledd i ein god integreringsprosess. Ved å ha ein open, tilgjengeleg og ubyråkratisk kontakt med utleigarane har Grimstad skapt tillit som både utleigarar og leigetakarar nyt godt av. Kommunen vurderer buområde, arbeidsplassar og lokalsamfunnet som møteplassar der relasjonar blir skapte. Og der relasjonar blir skapte, blir òg haldningar skapte, seier Barvik.

Juryen framhevar òg at Grimstad legg vekt på å få flyktningane tidlegast mogleg ut i praksis, for å snakke norsk og for å lære meir om norsk arbeidsliv.

Om bosettingsprisen

IMDis bosettingspris går til én kommune som gjør et spesielt godt arbeid med bosetting og integrering av flyktninger. Prisen ble delt ut for åttende gang. Ved siden av Grimstad var Lavangen, Sandnes, Sunndal, Lillehammer og Skedsmo nominerte kommuner. Tidligere vinnere av prisen er Drammen (2014), Hammerfest (2013), Molde (2012), Kragerø (2011), Kristiansand (2010), Levanger (2009) og Vadsø (2008).

Grunngivinga til juryen

Juryen, som består av IMDis regiondirektørar med direktør Geir Barvik som juryformann, understrekar at alle dei nominerte kommunane har markert seg med solid busetjingsinnsats. I så måte er alle gode kandidatar til busetjingsprisen, og juryen gratulerer alle med den velfortente nominasjonen.

Om vinnaren av busetjingsprisen 2015 seier juryen:

  • Busetjings- og integreringsarbeidet er godt forankra i den politiske og administrative leiinga. Mål og vegval er nedfelte i ein eigen delplan.
  • Kommunen ser på busetjing av flyktningar som eit samfunnsansvar og har gjort ein kraftinnsats i året som har gått.
  • For å kunne busetje stadig fleire flyktningar satsar kommunen på å bruke private utleigarar. Ved å vere tilgjengeleg og ubyråkratisk skaper flyktningtenesta tillit og fleksibilitet i samarbeidet. Kommunen ser på kontakten mellom private utleigarar og flyktningar som eit høve til å byggje relasjonar og nettverk. 
  • Kommunen vurderer avtalt sjølvbusetjing som ein sjanse til å la flyktningar som har nettverk og evne til å finne bustad på eiga hand, ta grep om sitt eige liv.
  • Introresultata har vore høge og stabile i mange år. Kommunen legg til rette både for utdanning og eit arbeidsretta kvalifiseringsløp. Det blir lagt vekt på at alle programdeltakarar skal tidleg ut i praksis for å snakke norsk og lære om norsk arbeidsliv. Kommunane vurderer òg praksisplassane som arenaer for å få eit norsk nettverk, arbeidserfaring og fast jobb. 
  • Kommunen legg vekt på at deltakarane har god kunnskap om sin eigen praksisplass, og ved hjelp av intervju koplar dei den rette deltakaren med den rette arbeidsgivaren.
  • Tett samarbeid og kontakt med arbeidsgivarar, med fokus på utvikling og god oppfølging av både deltakar og arbeidsgivar, er eitt av suksesskriteria i samarbeidsrelasjonen.
  • Kommunen vurderer buområde, arbeidsplassar og lokalsamfunnet som møteplassar der relasjonar blir skapte. Og der relasjonar blir skapte, blir òg haldningar skapte. 
  • Kommunen er ein spydspiss i integreringsarbeidet og jobbar etter prinsippet om at heile kommunen tek imot nye innbyggjarar.
Model.ImageAltText
Lær av vinneren av bosettingsprisen

Språkpraksis i Grimstad: Rett person til riktig bedrift

I Grimstad må du yte for å nyte. Fra dag en. Med eller uten språk. Derfor skal alle deltakere i introduksjonsprogrammet ut på en arbeidsplass for å snakke norsk. Les mer om hvordan de gjør det i Grimstad!

Fant du det du lette etter?