Jobbsjansen er ei ordning for innvandrarar i alderen 18-55 år som ikkje har tilknyting til arbeidslivet, som har behov for grunnleggande kvalifisering og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Les meir om ordninga og endringar frå 2017 her.

Til saman 1 713 personer deltok i 56 jobbsjanseprosjekt i 38 kommunar i 2015. I denne rapporten presenterer Proba Samfunnsanalyse funn frå prosjekta. Dei ser spesielt på samanhengar mellom måloppnåing og kjenneteikn ved deltakarane og innhald i programmet.

Rapporten er laga på oppdrag frå IMDi.

Desse deltok i Jobbsjanseprosjekta i 2015:

  • heimeverande kvinner som ikkje er avhengige av sosialhjelp (38 prosent av deltakarane)
  • ungdom under 25 år (23 prosent)
  • personar som var sosialhjelpsmottakarar ved oppstarten av programmet (19 prosent)
  • mottakarar av overgangsstønad (8 prosent)
  • kvinner som er familiegjenforeint med norsk/nordisk statsborgar (6 prosent)

64 prosent gjekk over i arbeid eller utdanning

624 deltakarar avslutta Jobbsjansen i 2015. 49 prosent av desse gjekk over i løna arbeid og 15 var i utdanning. Dette gir ei måloppnåing på 64 prosent, 4 prosentpoeng høgare enn departementet sitt resultatkrav for Jobbsjansen. Måloppnåinga var høgast blant heimeverande kvinner og lågast blant mottakarar av overgangsstønad og sosialhjelp.

Deltakarane som gjekk ut i 2015 hadde i gjennomsnitt vore i programmet i 13 månader. Det er fire månader lenger enn for dei som gjekk ut av programmet i 2014.

Betre norskkunnskapar og styrka dugleikar

38 prosent av alle deltakarane gjekk opp minst eitt nivå i norskkunnskapar i laupet av Jobbsjansen.

Alle deltakarane har hatt eitt eller fleire individuelle mål for programmet:

  • 34 prosent hadde som mål i programmet å bestå ei norskprøve – 67 prosent av desse lukkast med det i eller i etterkant av programmet. Norskprøve 3 var den vanlegaste.
  • 51 prosent hadde som mål å forbetre sine grunnleggande dugleikar i programmet, og 77 prosent hadde som mål å forbetre si arbeidsevne – i begge gruppene var det i overkant av 80 prosent som nådde målet.
  • Mange deltakarar har fått betre sjølvfølelse, sjølvtillit, sosial dugleik og eit større sosialt nettverk.

Nokre tilbod gir betre måloppnåing

Jobbsjansen kan bestå av ei rekke tilbod, og desse viser seg å gi høgare måloppnåing:

  • Kosthaldsrettleiing
  • Vidaregåande opplæring eller opplæring for å få godkjend utdanning
  • Fysisk aktivitet/trening
  • Kurs/rådgjeving i personleg økonomi/gjeldsmeistring
  • Kurs i jobbsøking/CV-skriving

Lågare måloppnåing er forbunde med oppfølging og handsaming av større
helseproblem i regi av helsevesenet og oppfølgingstiltak (i NAV).

Gode grep i prosjekta

Prosjektleiarane har vurdert kva gode grep som er gjort i prosjekta i 2015.
Dei har følgande tilrådingar:

  • Grundig kartlegging og utprøving av deltakarane før innskriving i programmet
  • Tilby yrkesretta opplæring, som yrkesretta norskopplæring og moglegheit til å ta fagbrev
  • Ha arbeidspraksis/arbeidstrening i verksemder med rekrutteringsbehov, tett (og fleksibel) oppfølging av deltakar og arbeidsgjevar i praksisperioden, og opplæring av fadrar
  • Heilskapleg tilnærming: Kombinere arbeidsretta og andre tiltak ved behov og språktrening/-opplæring på fleire arenaar
  • Motiverande rettleiing, gruppeaktivitetar/-rettleiing og mentorordning
  • Stille tydelege krav og forventningar – avkorting av stønad ved ugyldig fråvær, korte kontraktsperiodar og fokus på målet
  • God forankring i leiinga og kompetanse blant tilsette
  • Tett samarbeid med eller organisering i NAV
  • Ha eit stort nettverk av arbeidsgjevarar
  • Tett samarbeid med arbeidsgjevarar, friviljuge, andre prosjekt, fylkeskommunen, utdanningsinstitusjonar, tiltaksleverandørar og andre aktørar – både om den einskilde deltakar og på systemnivå

Se flere rapporter om

Jobbsjansen.