Kommuneundersøkinga 2016
Det er særleg behov for rettleiing på utdanningsområdet når kommunane skal kvalifisere flyktningar og innvandrarar. Det viser IMDis årlege undersøking retta mot alle landets kommunar.
Tema for undersøkinga er korleis kommunane arbeider med busetting og integrering av flyktningar og innvandrarar, og korleis dei oppfattar IMDi som samarbeidspartnar.
Denne undersøkinga vart gjennomført på tampen av 2016, eit år med rekordmange busette flyktningar (15 300) og deltakarar i introduksjonsprogrammet (23 000). 321 av landets 428 kommunar og 14 av Oslos 15 bydelar har svart.
Hovudfunn frå undersøkinga
Her kan du lese hovudfunn frå undersøkinga. For å sjå kva kommunane svarar på alle spørsmåla i undersøkinga, last ned heile rapporten.
Ønsker meir rettleiing på utdanningsområdet
Etter fleire år med rekordhøge busettingstal, er kommunane sin fokus no i stor grad på å kvalifisere dei busette flyktningane til arbeid og utdanning.
Kommunane har i årets undersøking vorte stilt eit ope spørsmål om kva tenester kommunen har særskilt behov for når det gjeld kvalifisering og sysselsetting av flyktningar. Rettleiing på utdanningsområdet er særleg etterspurd. Dette omhandlar alt frå godkjenning av dokumentert utdanning til tilpassa grunn- og vidaregåande skulelaup.
Kommunane etterspør også rettleiing om samarbeid med nærings- og arbeidsliv, praksisplassar i introduksjonsprogrammet og om ulike arbeidsretta laup.
Utdanningsretta kvalifiseringslaup
Med større etterspurnad etter formell utdanning og kompetanse, vil opplæring i grunnskule, vidaregåande opplæring og grunnleggande dugleikar framover vere viktige tiltak for deltakarar i introduksjonsprogram og norskopplæring.
I åtte av ti kommunar leggast det på ulike måtar til rette for at norskopplæring lar seg kombinere med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring, men på kva måtar dette gjerast varierer. I fire av ti kommunar opererer ein med sams administrasjon mellom tilbydar av vaksenopplæring og grunnskule, mens berre 12 prosent av kommunane har ein forankra avtale med fylkeskommunen.
Dei store variasjonane mellom kommunane understreker eit behov for å i større grad strømlineforme og tydeleggjere utdanningsmoglegheitene for både kommune og målgruppe.
Bistand frå IMDi
Kommunane er mest nøgd med IMDis bistand til «deling av kunnskap og erfaringar om kvalifiseringsarbeid frå andre kommunar», og heile 90 prosent ønsker bistand frå IMDi på dette området dei neste to åra.
80-90 prosent av kommunane trekker også fram at dei ønsker bistand til «tilrettelegging for kunnskapsspreiing og erfaringsutveksling mellom kommunar», «tilrettelegging for møteplassar med andre statlege aktørar», og «råd og rettleiing om ulike utdanningslaup for flyktningar».
Resultatmål for introduksjonsprogram
Delen av kommunar som har resultatmål for introduksjonsprogrammet er 55 prosent. Delen har ikkje auka sidan IMDi stilte spørsmålet for første gang i 2014.
Trass i eit mangeårig fokus på rask overgang til arbeid og utdanning for personar med fluktbakgrunn, aukar altså ikkje delen av kommunar med resultatmål. Men 13 av 14 bydelar i Oslo svarar at dei har eigne resultatmål.
Kapasiteten i kommunale tenester
Ein stor del av kommunane har auka kapasiteten i kommunale tenester som følge av auka busetting av flyktningar. Kommunane har i størst grad auka kapasiteten i tenesteapparatet på områda «bestilling og bruk av tolk», «bustad» og «introduksjonsprogram og norskopplæring».
Alle kommunestyre skal ha vedtatt kommunen sin planstrategi for inneverande valperiode. Om lag halvparten av kommunane oppgir at planstrategien omtalar tilpassing av kommunale tenester som følge av auka innvandring. Samanlikna med svara for 2015-undersøkinga, ser ein ei klar auke i delen av kommunar som oppgir at planstrategien omtalar behovet for tilstrekkeleg bustadtilbod for flyktningar.
Kommune som mangfaldig arbeidsplass
Det er svært ulik praksis mellom kommunar når det gjeld i kva grad det er eit uttrykt mål at befolkningssamansetnaden gjenspeglast blant dei kommunalt tilsette. Fire av ti kommunar svarar at dei ikkje har planar eller tiltak der målet er at delen av innvandrarar i kommunen gjenspeglast blant kommunen sine tilsette.
Mellom anna er det berre 12 prosent av kommunane som oppgir at dei praktiserer ei intervjuordning der minst ein søkar med innvandrarbakgrunn vert kalla inn til intervju dersom vedkomande er kvalifisert. Blant Oslos bydelar oppgir imidlertid heile 11 av 14 bydelar at dei har ei slik ordning.