Det er Uni Research som, i samarbeid med ideas2evidence, har laga rapporten på oppdrag frå IMDi.

To ordningar

Det finst to ordningar med norskopplæring for personar som bur på asylmottak:

  1. Kommunen der mottaket ligg, kan gi tilbod om opplæring til bebuarar som ventar på å få handsama asylsøknaden sin.
  2. Når ein person har fått innvilga opphald, skal kommunen tilby opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova.

Hovudfunn frå rapporten

Norskopplæring til asylsøkarar på mottak

  • Norskopplæring til asylsøkarar framstår som eit fungerande tilbod og eit tilbod som har god oppslutning i kommune-Noreg. Alle vertskommunane i utvalet tilbyr norskopplæring til asylsøkarar.
  • Kommuneleiing, opplæringssentre og asylmottak ser på opplæringa som viktig både med tanke på den kortsiktige og langsiktige integreringa i Norge og naudsynt for å skape tryggleik i lokalsamfunna.
  • Tilbodet tilpassast den einskilde deltakar i mindre grad enn tilbodet til personer med opphald.
  • Det er usikkerhet rundt kva som er eigna timetal i uka, gitt ulik vektlegging av det som kan oppfattast som ulike delmål med ordninga, nemleg basiskunnskap, trivsel og langsiktig integrering. 
  • Overgangen frå norskopplæring til asylsøkarar til norskopplæring etter introduksjonslova i same kommune fungerer bra.

Norskopplæring etter introduksjonslova for personar med opphaldsløyve som bur på mottak

  • Tilbodet er prega av variasjon både mellom kommunane, og mellom deltakarar som er busett i kommunen og som bur på mottak i same kommune. Ifølge kommunane er årsaka ressursprioriteringar: Tydelege krav til innhald i introduksjonsprogrammet gjer at personar som er busett i kommunen vert prioritert.
  • Ved ein tredjedel av opplæringssentra får mottaksbebuarar færre timar og eit mindre tilpassa tilbod enn dei som er busett i kommunen gjer.
  • Berre 58 prosent av opplæringssentra oppgir at dei tilbyr opplæring i samfunnskunnskap til bebuarar på mottak med rett og plikt til opplæringa.
  • Det er særlege utfordringar knytt til opplæring for bebuarar på mottak med spesielle behov. Desse, i motsetnad til personar som er busett i kommunen, er ikkje omfatta av nokon ekstra tilskotsordningar for tilrettelegging av tilbodet.
  • I overgangen frå opplæring i vertskommunen til busettingskommunen, er det lite informasjonsflyt mellom kommunane.

Innretning og forvalting av tilskotsordningane

  • Tilskotsordningane legg til rette for fleksibilitet i organiseringa av tilbodet og gir kommunane moglegheit til å tilpasse tilbodet stadige og ofte raske svingningar.
  • Deling av tilskot mellom kommunar skjer på bakgrunn av butid i kommunen, og ikkje talet på undervisningstimar som vert gitt. Med ein slik delingsnøkkel opplever kommunane at dei kan få deltakarar som har fått lite undervisning i ein annan kommune som likevel har motteke tilskot. Kommunane må dermed gi fleire timar for mindre tilskot.

Rapporten sine tilrådingar

  • Rammevilkåra, inkludert tilskotsordningane, må innrettast slik at behovet for fleksibilitet og lokal tilpassing ivaretakast. 
  • Det er behov for tydelegare retningsliner for omfang og innhald i tilbodet for bebuarar på mottak med rett og plikt til norskopplæring etter introduksjonslova. Dette gjeld først og fremst tal på timar per veke, men også at desse deltakarane bør få tilbod om språkpraksis og samfunnskunnskap. 
  • Eit likare tilbod på tvers av kommunar vil kunne redusere misnøgda med delinga av norsktilskotet kommunar imellom. 
  • Opplæring for asylsøkarar bør inngå som ein del av kommunen sitt ansvar som vertskommune, framfor å vere ei friviljug ordning. 
  • Forutseielege rammer og auka engasjement frå kommuneleiinga må til for å oppretthalde og vidareutvikle eit godt opplæringstilbod ved auka ankomstar av flyktningar.

Se flere rapporter om

norskopplæring.