Hjelp til heimeskule for minoritetsspråklege foreldre på sosiale medier

Kinn kommune i Vestland går alternative vegar slik at minoritetsforeldre kan hjelpe borna sine med heimeskule under koronakrisa.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Stengde skular skapar spesielle utfordringar for minoritetsforeldre som ikkje greier å hjelpe borna sine så godt som dei skulle ønske med heimeskule. I tillegg er mange foreldre redde og forstår ikkje godt nok koronainformasjonen dei får gjennom norsk media.

  • Tiltak:

    Oppretting av ei enkel lukka Facebook-side der minoritetsforeldre får hjelp til borna sin skulegang både på norsk og ulike morsmål. Foreldra får skriftleg eller munnleg bistand, lenker til læringsressursar, tips og råd til undervisningsopplegg, offisielle videoar og lydfiler retta mot lesesvake. Kvalifiserte frivillige, lærarar, og ansatte ressurspersonar med minoritetsbakgrunn, kalt språklosar, bidrar aktivt til godt innhald på sida.

  • Resultat:

    Tiltaket gjer at barna får hjelp med heimeskule. Foreldre verkar å få auka sjølvtillit og bli betre i norsk. Samstundes bidrar tiltaket til den nasjonale dugnaden om å forhindre smittespreiing. Medlemmane av gruppa lærar av kvarandre og opplever eit felleskap som motverker negative effektar av isolasjon.  

Sist oppdatert: 6. april 2020

Se flere eksempler tagget med

Kommuner, Digitale løsninger, Foreldre, barn og unge
Illustrasjonsfoto

Mål og målgruppe

Hovudmålet er at minoritetsforeldre kan hjelpe borna side slik at dei får eit fullverdig skuletilbod. Minoritetsforeldre er ei særs heterogen målgruppe. Dei har varierande norskkunnskapar, digitale ferdighetar, utdanningsnivå og butid i Noreg. Det skal bistå barna med heimeskule på eit framandt språk i ei unormal tid. Eit anna viktig mål med tiltaket er difor å ivareta foreldra og borna sine behov for koronainformasjon på morsmålet.

SKjermdump
Skjermdump frå Facebook.

Om tiltaket

Kinn utdannings- og ressurssenter (KURS KF) har laga ei lukka Facebookside der minoritetsspråklige foreldre kan hjelpe kvarandre eller få bistand av kvalifiserte frivillige med heimeskule. Foreldre kan til dømes ta bilde av vekeplan og oppgåver som barna skal gjere og poste det på sida eller sende det til administrator om ein vil vere anonym. Foreldra får skriftleg eller munnleg bistand via chat, Facetime, eller videonett avhengig av problemet.

Sida har i dag 13 tilgjengelege språk og 148 medlemmar som óg deler lenker til andre læringsressursar som no er frigjeve under skulestenginga. Tips og råd til ulike fag, undervisningsopplegg, mengdetreningsprogram og andre verktøy som foreldra kan vise borna sine er også tilgjengeleg.

I tillegg til spørsmål og ressursar knytt til heimeskule, postar moderator offisielle morsmålsvideoar om korona, samt tips til korleis ein kan strukturere kvardagen og snakke med borna sine om situasjonen vi er i.

Illustrasjonsfoto
Stengde skular skapar spesielle utfordringar for minoritetsforeldre som ikkje greier å hjelpe borna sine så godt som dei skulle ønske med heimeskule. Illustrasjonsfoto: Kristine Lindebo.

Organisering og økonomi

Administrator og moderator av sida er tilsette ved KURS KF. Kvalifiserte frivillige er godkjente av administrator. Dei jobbar, eller har jobba, som lærarar voksenopplæringa, i andre relevante stillingar eller som språklosar på KURS KF. Sistnemnde spiller ei særs viktig rolle i hjelpearbeidet. Ein «språklos» er ein person som opprinneleg har som oppgåve å lose introduksjonsdeltakarar inn i norsk språk og kultur. Som ein del av prosjektet «språkflåte» har KURS KF med støtte frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Kompetanse Norge, kursa 6 språklosar i pedagogiske fleirspråksprinsipp slik at dei kan bistå introduksjonsdeltakarar med å lære norsk. I tillegg til omlegginga til digital undervisning, er losane med på den frivillige ekstradugnaden for minoritetsforeldre som slit med heimeskule. Losane lagar mellom anna filmar om korleis ein skal bruke læringsappar og digitale kommunikasjonsverktøy slik at foreldre kan kommunisere både med sin eigen lærar og læraren til sine born om undervisninga.

Om din kommune ikkje har språklosar, anbefaler KURS KF at ein samarbeider med andre minoritetsspråklege ressurspersonar slik at ein kan hjelpe flest mogleg.

Å opprette lukka grupper med administrator sikrer:

  • at dei foreldra som brukar sida skal kjenne seg trygge på å få hjelp av kvalifiserte personar på ulike språk.
  • at ein unngå medlemmar som kan ha vikarierande motiv.
  • at generell informasjon som vert delt, kjem frå trygge kjelder.

Språklosar i Kinn
Språklosar: Shahab Zegordi og Khalouf Almoadal.

Resultat

Det er tidleg å evaluere resultata av tilbodet, men det fyller eit behov. Mange foreldre ber om å få vere med, og lenker til ulike læreverk i bruk i dei ulike skulane i kommunen, vert flittig nytta. Lydfiler spesielt retta mot lesesvake foreldre slik at dei slepp å lure på om dei les rett, er spesielt populære. Kanskje inneber tilbodet at foreldra óg blir betre i norsk. Empowerment er ein viktig del av arbeidet KURS KF gjer. Dei tek derfor sikte på eit tettare samarbeid med dei lokale skulane og samarbeid heim/skule når skulane opnar igjen.

Kontaktinformasjon

Kontaktperson Kinn

Cecilie Udberg-Helle, inspektør i voksenopplæringa, Kinn Utdannings- og ressurssenter

Telefon: 91 88 81 91

E-post: cecilie.udberg-helle@kinn.kommune.no

Fant du det du lette etter?