Kafe KIME – ei moglegheit til å lære i trygge omgivnader

Borgen nærmiljøsentral i Asker oppretta og driv den sosiale entreprenøren KIME. Kafe KIME er ein opplæringsarena for innvandrarkvinner som ønskjer å jobbe i mat- og serveringsbransjen.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Innvandrarar med lite skolebakgrunn får ofte lite praksis og mykje klasseromsundervisning.

    Det finst få arenaer for arbeidstrening for kvinner med begrensa norskferdigheiter.

  • Tiltak:

    Borgen nærmiljøsentral oppretta den sosiale entreprenøren KIME som er kafedrift som kombinerer opplæring, arbeidslivskunnskap og praktisk arbeid. Kvinner med innvandrarbakgrunn med same mål for kvalifisering blir sette saman i grupper og får individuelle opplæringsplanar.

  • Resultat:

    Kafe Kime er ein møtestad på tvers av kulturar i lokalmiljøet der kvinner med minoritetsbakgrunn deltek som aktive yrkesdeltakarar og slik er rollemodellar for andre. Kvinnene er stolte av jobben dei gjer og mange lærer raskt. I tillegg til praksiskandidatane som har fått opplæringa si på Kafe KIME, har fleire fått den første betalte lønna si gjennom deltidsstillingar der.

Sist oppdatert: 14. oktober 2021

Se flere eksempler tagget med

Arbeidsretting, Møteplasser, Frivillig sektor, Kommunal sektor

Mål og målgruppe

Målgruppa for tiltaket er innvandrarkvinner med lite skolebakgrunn og lågt norsknivå. Målet er at kvinnene skal lære norsk, få erfaring med kafedrift og komme i arbeid. For nokre er målet å gå vidare på skole for å ta kokk- og kantineutdanning.

Om tiltaket

Borgen nærmiljøsentral hadde ein aktivitet der kvinner frå ulik bakgrunn kom saman og laga mat og snakka norsk. NAV Asker så at dette var ein fin arena for utviklinga og nettverksbygginga til kvinnene. Saman diskuterte dei korleis ein kunne byggja på ressursane til kvinnene innan matlaging for å få dei inn i ordinært arbeidsliv. Det vart starta med kursing som seinare førte til Kafe KIME.

Når kommunen skulle byggja innbyggjartorg på Borgen i Asker Kommune, var det ei naturleg vidareutvikling av aktivitetane til Borgen nærmiljøsentral i samarbeid med NAV Asker å foreslå å driva kafe der. Borgen nærmiljøsentral etablerte derfor i 2017 den sosiale entrepenøren KIME.

Aktørane hadde kunnskap om kva opplæring kvinnene hadde behov for og ønskte. Samtidig såg dei at ein slik kafe kunne bringa innvandrarkvinner nærare arbeidslivet. Opplæringsplanen for kva dei skulle læra i kafeen og for korleis opplæringa skulle gå føre seg vart utarbeidd med utgangspunkt i erfaringane til ein annan sosial entreprenør. Det var viktig å ta omsyn til den ulike kompetansen til kvinnene, og at kvar og ein får den opplæringa dei treng.

Til no har omtrent 20 kvinner vore i jobb på kafeen, anten som praksiskandidat eller i ei deltidsstilling, og fleire av dei har komme ut i arbeidslivet.

Praksiskandidater og ansatte i KIME. Fra venstre: Khadra Hasan, Mohamed Hanaa, Aljaro Larisa, Bejsoltovna Kavtarova, Istaahil Hasan Adan, Vijan Osman. Foto: Hedvig K. Andersson.

Økonomi og samarbeid

KIME er ei sjølvstendig forening, ein sosial entreprenør, som er driven av Borgen Nærmiljøsentral. Tiltaket er per i dag finansiert gjennom midlar frå NAV. I tillegg til salsinntekter frå kafe og cateringsverksemda.
NAV bidrar også med mentorstøtte for kvinnene som er i tiltak.

Kafe Kime i Asker. Foto: Avia.

Slik kjem du i gang

  • Rekruttering: Kommunen/NAV bør rekruttere kandidatar.
  • Set saman grupper med like mål for kvalifisering og jobbønske. Kartlegg kva ressursar kandidatane har, og kva yrke dei ønskjer.
  • Finn lokale samarbeidspartnarar. Det kan vere ordinære bedrifter, frivillige organisasjonar eller sosiale entreprenørar.
  • Kartlegg om det er mogleg å lage eit formelt, kvalifiserande opplæringsløp for kandidatane.
  • Oppstart: Bli kjent. Jobb med å lage gode opplæringsplanar med tydelege mål. Finn også ut kva den enkelte har som mål. Bruk tid på denne prosessen.
  • Finansiering må på plass før du kan starte. Kartlegg finansieringsmoglegheitene i din kommune.

Lenker

Kontaktpersonar

 

Hilde

Navn: Hilde Skogedal

Stilling: daglig leiar Borgen nærmiljøsentral og styreleiar i KIME

Arbeidssted: Borgen nærmiljøsentral/Kafe KIME

Telefon: 47 71 26 33

E-post: hilde.skogedal@paaborgen.no

 

Visittkort Eli.jpg

Navn: Eli Capoferro

Stilling og arbeidssted: Markedsrådgivar og fagrådgivar integrering, NAV Asker

Telefon: 48 24 78 85

E-post: Eli.Capoferro@nav.no

Fant du det du lette etter?