Studieforbundet: Opent for alle

Kurs i lokallaga skal vere eit felleskap å vere del av, tilbod om eit nettverk å høyre til og gje relevant språktrening. Vi ønskjer at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Kurs i lokallaga skal vere eit fellesskap å vere ein del av, tilbod om eit nettverk å høyre til og gje relevant språktrening. Gjennom å motivere lokallaga i medlemsorganisasjonane våre til å halde planlagte, inkluderande kurs, vil vi skape møteplassar for nettverk, fellesskap og språktrening. Kursa kan vere i den aktiviteten laget elles driv med, men skal tilpassast deltakaren med mindre norskferdigheiter og kunnskap om det norske samfunnet. Gjennom merksemd på dette, ønskjer vi at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande.

     

    Utfordring er:

    • Språk
    • Inkludering
    • Tid og hjelp til tilrettelegging
    • Rekruttering av målgruppa
  • Tiltak:

    • Moglegheit for mellom anna tolkehjelp, skyss, barnepass
    • Oppsøkjande og inviterande for nye medlemmar og deltakarar
    • Støtte til utgifter og motivasjonstilskot for den ekstra innsatsen dette fordrar
  • Resultat:

    • Ein meir inkluderande arena med tilbod for alle
    • Ein stad å høyre til
    • Lågterskel inngang til faget og den nye sosiale arenaen
    • Fleire som får tilgang til faget
    • Fleire medlemmar i laget
    • Meir mangfaldig deltakargruppe og eit meir inkluderande samfunn
    • God og relevant språktrening

Sist oppdatert: 22. mars 2023

Studieforbundet - damer som sitter ved et bord

Mål og målgruppe

Kursa retter seg særleg mot folk i Noreg som treng lære meir norsk. Kursa skil seg frå eit vanleg språkkurs der det er kun ein lærar. Lokallaget/bygda mobiliserer som snakkepartnarar/ekstra kurslærarar/tilretteleggjarar under kurskveldane for å bidra til best mogleg språkutvikling.

Om tiltaket

Kurs i lokale lag og foreiningar er ein god måte å bli kjent i eit lokalsamfunn. Gjennom å motivere lokallaga i medlemsorganisasjonane våre til å halde planlagde, inkluderande kurs, vil vi skape møteplassar for nettverk, fellesskap og språktrening. Kursa kan vere i den aktiviteten laget elles driv med, men skal tilpassast deltakaren med mindre norskferdigheiter og kunnskap om det norske samfunnet.

Organisering, samarbeid og økonomi

Gjennom merksemd på dette, ønskjer vi at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande, og målet vårt er 120 slike kurs over ein tre-årsperiode. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir.

Vi har ambisjonar om å gradvis auke andelen inkluderingskurs frå 30 kurs fyrste året, så 40, og til 50 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Dette skal vere lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vere hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre.

Tilskot dersom laget held eit Opent for alle-kurs:

  • Det ordinære timetilskotet på kr 98,- pr time
  • Tilretteleggingstilskot for eventuelle utgifter med tanke på tilrettelegging. Dette kan vere utgifter til for eksempel tolk, transport, dekt kursavgift, materiell, barnepass, ekstra lærarar med meir.

Slik kjem du i gang

Dette arbeidet er i utgangspunktet tenkt gjort gjennom kurs som allereie står på blokka i organisasjonen. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir. Studieforbundet kan bidra med å setje lokallaga i kontakt med viktige samarbeidspartnarar som til dømes flyktningkonsulentar, frivilligsentralar og andre ressurspersonar, men også skape kontakt mellom lokallag i same situasjon for å kunne dele erfaringar, samt lære av kvarandre.

Lenker for meir informasjon 

Flere videoar av tiltaket i praksis:

Åpent for alle - Studieforbundet kultur og tradisjon (video)

Ull på norsk (video)

Frå nettsida kan ein sjå eksempelfilmar og laste ned brosjyrar og materiell
(kulturogtradisjon.no)

Kontaktinformasjon

Navn: Kristin Teigen Stasviken

Stilling og arbeidsstad: Rådgjevar, Studieforbundet kultur og tradisjon

Telefon: 918 41 263

E-post: kristin@kulturogtradisjon.no

Fant du det du lette etter?