Jobbsjansen er ei ordning for innvandrarar i alderen 18-55 år som ikkje har tilknyting til arbeidslivet, som har behov for grunnleggande kvalifisering og som ikkje er omfatta av andre ordningar. Les meir om ordninga og endringar frå 2017 her. 

Det var i alt 143 personar som vart utfasa av Jobbsjansen grunna foreståande endringar i Jobbsjansen f.o.m. 2017. Dersom desse vert rekna med i måloppnåingsgrunnlaget, var delen av deltakarar med overgang til jobb eller utdanning 58 prosent. Måloppnåinga på 68 prosent er basert på 780 deltakarar.

Til saman 1 777 personer deltok i 53 jobbsjanseprosjekt i 40 kommunar i 2016. I denne rapporten presenterer Ideas2evidence funn frå prosjekta. Dei ser spesielt på samanhengar mellom måloppnåing og kjenneteikn ved deltakarar og innhald i programmet.

Rapporten er laga på oppdrag frå IMDi.

Desse deltok i Jobbsjansen i 2016

Jobbsjansen prioriterer to grupper: heimeverande kvinner og familiegjenforeinte kvinner til norske og nordiske statsborgarar. Desse to gruppene utgjorde 54 prosent av deltakarmassen – noko som er ei auke på ti prosentpoeng samanlikna med 2015.

  • 46 prosent tilhøyrde målgruppa heimeverande kvinner
  • 18 prosent var sosialhjelpsmottakarar
  • 17 prosent var ungdommar
  • 8 prosent av deltagerne var familiegjenforeinte kvinner til norske og nordiske statsborgarar
  • 5 prosent var mottakarar av overgangsstønad 
  • 6 prosent vart klassifisert som «anna»

Mellom 2014 og 2015 auka den gjennomsnittlege varigheita på programdeltakinga frå 10 til 13 månader. I 2016 auka varigheita enda meir, og gjennomsnittleg programtid er nå 16 månader.

68 prosent gjekk over i utdanning eller arbeid

68 prosent av deltakarane i Jobbsjansen i 2016 gjekk over i utdanning eller arbeid. Det gir ei måloppnåing som er 8 prosentpoeng høgare enn departementet sitt resultatkrav for Jobbsjansen.

Heimeverande kvinner, ungdom og familiegjenforeinte hadde høgast måloppnåing, med høvesvis 73, 72 og 69 prosent. Lågast måloppnåing hadde deltakarar i målgruppene sosialhjelpsmottakar og mottakarar av overgangsstønad, på høvesvis 59 og 56 prosent.

Mellom 2014 og 2015 auka den gjennomsnittlege varigheita på programdeltakinga frå 10 til 13 månader. I 2016 auka varigheita endå meir, og gjennomsnittleg programtid er no 16 månader.

Betre norskkunnskapar, betre dugleikar

44 prosent av deltakarane gjekk opp minst eitt nivå i norskkunnskapar i laupet av Jobbsjansen. Nesten halvparten av deltakarane var på mellomnivå eller høgare mellomnivå ved avslutta program.

Alle deltakarar har hatt eitt eller fleire individuelle mål for programmet:

  • 77 prosent av deltakarane hadde som mål å forbetre arbeidsevna. Av desse lukkast 83 prosent. 
  • 54 prosent hadde som mål å forbetre grunnleggande dugleikar. Av desse lukkast 87 prosent. 
  • ein tredjedel av deltakarane hadde som mål å bestå ei norskprøve. Av desse lukkast litt over 70 prosent.

Se flere rapporter om

Jobbsjansen.