Kommunane sine utgifter til busetting, integrering og norskopplæring i 2021

Berekningsutvalet sin rapport for 2021 viser at kommunane i stor grad fekk dekka dei gjennomsnittlege utgiftene til busetting og integrering av flyktningar i dei fem åra kommunane mottek integreringstilskot.

Utgitt: 12. september 2022

Kommunane fekk derimot i mindre grad dekka dei gjennomsnittlege utgiftene til opplæring i norsk og samfunnskunnskap i dei tre åra kommunane mottek norsktilskot.

Berekningsutvalet er eit partsamansett utval frå staten og kommunesektoren. Utvalet følgjer med på om det er rimeleg samsvar mellom kommunane sine utgifter og dei statlege tilskota. Utvalet kartlegg kvart år kommunane sine utgifter til busetting og integrering av flyktningar og personar med opphald på humanitært grunnlag, og utgiftene til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Rapporten er innspel til regjeringa sitt arbeid med statsbudsjettet.

Dekningsgraden for integreringstilskotet i 2021 er 97,3 prosent, som er ein nedgang på 8,6 prosent frå 105,9 prosent i 2020. Dekningsgraden for norsktilskotet er i 2021 berekna til 68,4 prosent, som er ein nedgang på 0,3 prosent samanlikna med året før. Eit hovudfunn i denne kartlegginga, som i alle tidlegare kartleggingar, er at det er store skilnader i utgiftsnivået mellom kommunane.

- Kommunane sine utgifter avheng mellom anna av kven flyktningane er, kva som er behova deira, kor mange dei er, korleis dei fordeler seg på årskulla i integreringslaupet, og kordan det gjeng med integreringa deira, seier Bjørn Holden som leiar utvalet. -Utgiftene avheng og av kommunane sine tiltak og resultat, og av rammefaktorar som arbeidsmarknad, lovverk, og tilskot.

- Etter to år med rekordhøg dekningsgrad for integreringstilskotet på over 100 prosent, er no dekningsgraden tilbake på eit normalt nivå, seier Bjørn Holden. - Kostnadsbildet for vaksenopplæringa er derimot at kommunane totalt sett har utgifter som overstig finansieringa.

- Det store spørsmålet no er kordan utgiftene og dekningsgraden vil endre seg i 2022. Då blir det ei markant endring både i samansetninga av målgruppa og i fordelinga på årskulla, når det store 2017-kullet går ut av kartlegginga og det enda større 2022-kullet kjem inn.

Resultat og hovedfunn er oppsummert i rapportens samandrag.

Se flere rapporter om

bosettingenslige mindreårige flyktninger og tilskudd.

Fant du det du lette etter?