Geografisk konsentrasjon av levekårsproblem

Sist oppdatert: 30. januar 2020

Illustrasjon av levekårsproblemer

Kjenneteikn og konsekvensar

Geografisk konsentrasjon av levekårsproblem er ei typisk storbyutfordring. I buområde med store levekårsutfordringar, kjem innbyggjarane dårlegare ut enn resten av befolkninga på ei rekkje levekårsindikatorar. Dei scorar lågare på utdanning, sysselsetting og inntekt. Ofte er bruken av sosiale tenester og trygdeordningar i områda høg. Mange bur også trongt[1]

Mange av bebuarane i desse områda har innvandrarbakgrunn. I dei mest utsette lokalområda i Oslo har over 65 prosent av befolkninga innvandrarbakgrunn[2]. Dette heng saman med at innvandrarbefolkninga i gjennomsnitt har lågare inntekt og kjem dårlegare ut på fleire levekårsvariablar enn resten av befolkninga.

Områda er også prega av sosiale utfordringar, og ofte er det behov for fysisk oppgradering av uteareal og bustader. Bustadprisane i områda er lågare enn andre stader. Dette påverkar kven som buset seg der.

Når eit buområde er dominert av ei gruppe menneske med felles kjenneteikn kan bumiljøet bli karakterisert som segregert[3]. Segregering handlar om konsentrasjon av – og åtskiljing mellom – forskjellige grupper ulike stader. Mykje av segregeringsforskinga har hatt fokus på grupper definert ut i frå innvandrarbakgrunn og sosioøkonomisk status - altså samlemål for inntekt og utdanning[4].

Ofte er det ein overlapp mellom nettopp etnisk og sosioøkonomisk segregering fordi mange av dei som innvandrar til Norge har lågare utdanning, inntekt og arbeidsdeltaking enn resten av befolkninga.

Når det er mange levekårsproblem i eit buområde, er dei sosiale utfordringane samansette. Ofte er det ein høg prosentdel kommunale og private utleigebustader i områda. Fleire låginntetsfamiliar bur trongt[5], og barna er avhengige av å bruke uteromma når dei skal vere ilag med vener. Gode og trygge utemiljø er dermed viktig. Når mange av dei som bur i nabolaget er vanskelegstilte, kan dette prege nærmiljøet på måtar som er negative for barn. I tillegg er det ofte høg ut- og innflytting i områda.

Alt dette er med på å skape ein negativ spiral. Områda får dårlig omdømme og blir ytterlegare marginaliserte. Bebuarane får ei oppleving av at området dei bur i blir stigmatisert og nedvurdert av andre[6].

Det er tendensar til opphoping av levekårsproblem i mellom anna Trondheim, Bergen, Stavanger og Drammen, samt i nokre av hovudstaden sine nabokommunar[7]. Dei største konsentrasjonane av levekårsproblem finn vi i likevel Oslo. Tal frå 2017 viste at bydel Gamle Oslo hadde 21 prosent barnehushald med låg inntekt medan bygjennomsnittet var på 12 prosent. Delen kommunale bustader utgjorde i bydelen 6 prosent i 2019 medan bygjennomsnittet var 3,3 prosent[8]. Andre eksempel finn vi i bydelane i Groruddalen. Her er det mellom 25 og 35 prosent av befolkninga som har grunnskule som høgaste fullførte utdanning. Til samanlikning gjeld dette 19 prosent av Oslo si totale befolkning[9]. Det er viktig å merke seg at sjølv om levekåra i nokre av Oslo sine bydelar skil seg tydeleg frå bygjennomsnittet, kan forskjellane innan ein og same bydel vere store. Oslo har ikkje heile bydelar som er utsette, men delområder som er utsette.

Biletet av desse buområda er sjeldan eintydige. I ei rekkje stadsanalysar av utsette område kjem det fram at på tross av utfordringar, trives mange godt med å bu der. Samhald, engasjement og nabolagspatriotisme er funn som går igjen[10].

Drivarane bak problemet 

På overordna nivå handlar utfordringane om sosial ulikskap, altså at det er forskjellar mellom grupper i inntekt og utdanning. Ein må derfor sjå på korleis nasjonal politikk fordeler samfunnet sine ressursar. Fleire sektorområde er relevante, slik som arbeidsmarknads- og utdanningspolitikken[11].

For å forstå den geografiske konsentrasjonen av levekårsproblem, må eit særleg fokus rettast på dynamikkar i bustadmarknaden og prisforskjellane som oppstår mellom bustader i ulike delar av byen. Dette påverkar folk sine moglegheiter til å velje bustad og buområde. Den norske bustadmodellen favoriserar eigarskap. Å bli verande i leigemarknaden kan vere ei potensiell fattigdomsfelle. I buområde med mange utleigebustader er ofte kvaliteten på både bustadane og bumiljøet dårleg. Personar med låg inntekt er prisgitt bustader i belasta område. Bustadmarknaden legg dermed føringar for korleis grupper med ulik økonomi buset seg. Dette er ei viktig forklaring på kvifor somme buområde har større utfordringar med levekårsproblematikk enn andre[12].

Vidare er demografiske endringar som sterk vekst i byar og auka innvandring av personar med få ressursar ein medverkande faktor. Det er fleire innvandrarar som er arbeidsledige enn resten av befolkninga. Dette gjeld særleg flyktningar[13]. Ei forklaring er mellom anna eit gap mellom kompetansen flyktningane har med seg og kva som blir krevd i den norske arbeidsmarknaden.  

Byutviklingsprosjekt kan også spele ei rolle, som når enkelte byområde går igjennom omfattande sosioøkonomiske endringar. Slike endringar vert kalla gentrifisering. Det viser til endringar i byrommet der arbeidarklassestrøk vert «rehabilitert» til middelklassenabolag. Bustadprisane aukar og ein fortrengingseffekt oppstår. Grupper som er avhengig av rimelege bustader flyttar ut til drabantbyane og dermed blir levekårsutfordringane i drabantbyane forsterka[14].

Forklaringane over er på eit strukturelt nivå, men også forklaringar på individnå kan spele inn. For somme kan det vere eit ønske å bu nær familie, vener eller andre som har same bakgrunn som ein sjølv[15].

Konsekvensar for individ og samfunn

Det er først og fremst foreldre sin sosioøkonomiske situasjon som har mest å seie for korleis barn og unge klarer seg på skulen, vidare i arbeidslivet og korleis levekårsutviklinga deira blir på sikt. Men også nabolaget i seg sjølv kan påverke innbyggjarane sine levekår. Dette gjeld særleg barn, i tillegg til personar med innvandrarbakgrunn[16]. Forsking viser nemleg at utsette buområde kan påverke ei rekkje velferdsutfall slik som helse, arbeid og utdanning[17].

Kvaliteten ved nabolaget er særleg viktig for barn og unge som nettopp har nærmiljøet som sin arena for læring og sosialisering.

Når geografisk konsentrasjon av levekårsproblem bidrar til sosiale forskjellar mellom buområde, har det også konsekvensar på samfunnsnivå. Sosiale og økonomiske forskjellar mellom befolkningsgrupper og mellom buområde, kan gi spenningar, sosial uro og utanforskap[18]. Slike utfordringar har vore store i ei rekkje europeiske storbyar. Dei norske storbyane har unngått så omfattande utfordringar som ein har sett i for eksempel Sverige og Frankrike. Likevel har både offentlege myndigheiter og forskarar dei siste åra uttrykt bekymring, særleg for barn og unge sine oppvekstvilkår i enkelte nabolag i Oslo[19].

Løysingar

Myndigheitene har fleire strategiar for å møte utfordringane. På eit overordna nivå, har den norske modellen for styrt og spreidd busetjing av flyktningar sørga for at flyktningar vert busetje i heile landet og ikkje berre i storbyane. Vidare har regjeringa i den nye integreringsstrategien Integrering gjennom kunnskap sett i gang ei satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse. Målet er at fleire skal kome i utdanning og arbeid[20].

Vidare blir det jobba gjennom både universelle verkemiddel for heile befolkninga og områderetta innsatsar der utfordringane er størst[21].

Universielle verkemiddel

Universelle verkemiddel som fangar opp utsette grupper vil ha ein førebyggjande effekt på levekårsproblem. Dette gjeld verkemiddel innan ei rekkje sektorområde, som til dømes familie-, oppvekst- og utdanningspolitikk. For eksempel vil moglegheiter den enkelte har for å bli økonomisk sjølvhjelpen motverke at levekårsproblamtikk oppstår i første omgang.

Områderetta verkemiddel

Områderetta innsatsar blir også brukt for å heve byområde som treng det mest. I ei områdesatsing jobbar kommune og stat koordinert og på tvers av sektorar. Innsatsen går over fleire år og skal gi områda både fysiske og sosiale løft.

Områdesatsingane staten er involvert i har ulik innretting. Felles er at dei skal bidra til mellom anna inkludering, trygge og gode bu-, oppvekst- og nærmiljø. I 2019 vart arbeidet med å betre levekåra i utsette byområde styrka. Det er områdesatsingar i Oslo (Groruddalen, Oslo indre Øst og Oslo Sør), Drammen, Bergen, Stavanger og Trondheim[22]

Barn og unge sine levekår og oppvekstmiljø har vore prioritert av lokale og nasjonale myndigheiter i fleire områderetta innsatsar. Til dømes, vart forsøket med gratis kjernetid i barnehage i bydelar med levekårsproblem testa ut som ein del av områdesatsingar, før ordninga vart vidareutvikla til ei nasjonal ordning i 2015. Forsøket gav gode resultat med fleire barn med innvandrerbakgrunn i barnehage  og betre resultat i lesing og rekning når barna var på første og andre skuletrinn[23]. Deltaking i barnehage bidrar positivt til barn si utvikling av språk, sosial kompetanse og legg eit viktig grunnlag for vidare utdanning. I integreringsstrategien Integrering gjennom kunnskap styrkar regjeringa arbeidet med rekrutterings- og informasjonstiltak for auka deltaking i barnehage blant minoritetsspråklege barn i utsette byområde.

By- og bustadplanlegging

Å utvikle nabolag der ulike grupper i befolkninga har moglegheit til å bu er også viktig. For å få til det må ein ha ei bustadplanlegging som legg til rette for varierte bustader, med ulike bustadtypar som både sjølveigarbustader og leigebustader, bustader med ulike størrelsar og med god kvalitet. Vidare er byutvikling- og planpolitikk viktig for å hindre at buområde utviklar seg negativt på sikt. Både universelle og områderetta verkemiddel har påverka korleis utviklinga har vore i norske storbyar. Den omfordelande velferdsstaten i Norge blir trukke fram som ei av forklaringane på kvifor Oslo ikkje har tilsvarande utfordringar som i andre europeiske storbyar. Den forebyggjande innsatsen i områdesatsingane, blir også vurdert å ha hatt ein dempande effekt på problema[24].

Kunnskapsbehov

Viktig framover er å sikre at tiltaka har eit langsiktig perspektiv som førebyggjer at fattigdom går i arv og motverkar at ytterlegare marginalisering og segregering oppstår. For å få til dette er det behov for betre kunnskap om langsiktige og førebyggjande tiltak og om  effektane av desse generelt og effektane av dei områderetta innsatsane spesielt.

Referanseliste

[1] Sjå mellom anna:

[2] Oslo kommune og Departementene (2016) Programbeskrivelse for Groruddalssatsingen 2017-2016. Tilgjengeleg frå https://www.oslo.kommune.no/slik-bygger-vi-oslo/groruddalssatsingen/#gref (henta 22.01.2020)

[3] Det kan vere nyttig å skilje mellom ulike typar av segregeringsprosessar; demografisk, sosioøkonomisk og etnisk segregering Demografisk segregering handlar om at den romlege fordelinga av ei befolkning heng saman med demografiske variablar som alder, sivilstatus m.m. Sosioøkonomisk segregering handlar om at kvar du bur heng saman med klassebakgrunn og ressurssituasjonen din. I etnisk segregering ligg det atpersonar med same etniske/nasjonale bakgrunn buset seg i dei same områda. Kjelde: Søholt, S. 2010: Etniske minoriteter og boligmarkedet: Integrert, marginalisert, segregert. Forskningsrådet. Tilgjengeleg frå  https://www.forskningsradet.no/om-forskningsradet/publikasjoner/2006/etniske-minoriteter-og-boligmarkedet.integrert-marginalisert-segregert/ (henta 22.01.2020)

[4] Ljunggren, J. og P. L. Andersen 2017: «Vestkant og østkant, eller nye skiljelinger? Bostedssegregasjon blant Oslo-ungdom mellom 2003 og 2012» i Ljunggren, L. (red.) Oslo – ulikhetenes by. Cappelen Damm Akademisk.

[5] SSB 2017: En av ti bor trangt. Tilgjengeleg frå https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/en-av-ti-bor-trangt (henta 22.01.2020).

[6] Sjå f eks:

Andersen, B. (2018). Østkanten tar til gatene. Marginalitet og banalitet i Oslo i Seim, S. og Sæter, O. K. (Red.). Barn og unge. By, sted og sosiomaterialitet. Kapittel 5. Cappelen Damm Akademisk. Tilgjengeleg frå https://www.researchgate.net/publication/324603064_Ostkanten_tar_til_gatene_Marginalitet_og_banalitet_i_oslo  (henta 22.01.2020).

[7] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. AFI Rapport 02:2017. Tilgjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Oppvekststedets-betydning-for-barn-og-unge (henta 22.01.2020)

[8] Oslo kommune (2019) https://bydelsfakta.oslo.kommune.no/bydel/gamleoslo/levekaar (henta 27.01.2020)

[9] Oslo kommune og Departementene (2016) Programbeskrivelse for Groruddalssatsingen 2017-2016. Tilgjengeleg frå https://www.oslo.kommune.no/slik-bygger-vi-oslo/groruddalssatsingen/#gref (henta 22.01.2020)

[10] Sjå f eks:

[11] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. AFI Rapport 02:2017. Tilgjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Oppvekststedets-betydning-for-barn-og-unge (henta 22.01.2020)

[12] Sjå f eks:

[14] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. AFI Rapport 02:2017. Tilgjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Oppvekststedets-betydning-for-barn-og-unge (henta 22.01.2020)

[15] NOU 2011: 14. Bedre integrering. Mål, trategier, tiltak. Tilgjengeleg frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-14/id647388/ (henta 23.01.2020)

[16] Dette blir omtala som nabolagseffektar. For utfyllande forklaring, sjå: Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. AFI Rapport 02:2017. Tilgjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Oppvekststedets-betydning-for-barn-og-unge (henta 22.01.2020)

[17] Sjå mellom anna:

[18] Strand, A. H. og M. Takvam (2019) Unge i utsatte boområder – en kunnskapsoversikt. Delrapport. Fafo-notat 2019:24 Tilgjengeleg frå https://www.fafo.no/index.php/zoo-publikasjoner/fafo-notater/item/unge-i-utsatte-boomrader-en-kunnskapsoversikt (henta 23.01.2020)

[19] Brattbakk, I. m fl. (2017) På sporet av det nye Grønland. Sosiokulturell stedsanalyse av Grønland i Bydel Gamle Oslo. AFI-rapport 04:2017. Tigjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Paa-sporet-av-det-nye-Groenland (henta 23.01.2020)

[20] Kunnskapsdepartementet (2018) Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi 2019-2022. Tilgjengeleg frå https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/integrering-gjennom-kunnskap/id2617246/ (henta 27.01.2020)

[21] Sjå f. eks. Strand, A. H. og M. Takvam (2019) Unge i utsatte boområder – en kunnskapsoversikt. Delrapport. Fafo-notat 2019:24. Tilgjengeleg frå https://www.fafo.no/index.php/zoo-publikasjoner/fafo-notater/item/unge-i-utsatte-boomrader-en-kunnskapsoversikt (henta 23.01.2020)

[22] Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2018) Prop 1 s Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak). For budsjettåret 2019.  Tilgjengeleg frå   https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-20182019/id2613128/   (henta 23.01.2020)    og   

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2019) Prop 1 s Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak). For budsjettåret 2020. Tilgjengeleg frå   https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-20192020/id2671418/ (henta 23.01.2020)

[23] Bråten, B., N. Drange, H. Haakestad, K. Telle (2014) Gratis kjernetid i barnehager. Sluttrapport. Fafo-rapport 2014:04. Tilgjengeleg frå https://www.fafo.no/index.php/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/item/gratis-kjernetid-i-barnehager (henta 23.01.2020)

[24] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. AFI Rapport 02:2017. Tilgjengeleg frå http://www.hioa.no/Om-OsloMet/Senter-for-velferds-og-arbeidslivsforskning/AFI/Publikasjoner-AFI/Oppvekststedets-betydning-for-barn-og-unge (henta 22.01.2020)

 

Fant du det du lette etter?