Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak

Sist oppdatert: 22. februar 2024

Kort om tilskotet

  • Tilskotsordninga består av to typar tilskot: asylnorsk og samfunnskunnskap
  • Tilskota blir automatisk utbetalte til kommunar for asylsøkarar i mottak som er i målgruppa for plikt til opplæring i norsk og opplæring i samfunnskunnskap

Mål for ordninga

  • Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk og samfunnsliv

  •  

    Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap i mottak

Kven er i målgruppa

  • Asylsøkarar som bur i mottak, og som er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkaren

    •  

      får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i Utlendingsdirektoratet

       

    • blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter utlendingslova § 32

       

    • bur på ankomstsenter eller i transittmottak

       

    • har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet på søknad om vern

Korleis blir tilskota berekna

  • Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.

     

  • Personar kan berre utløyse tilskota éin gong.

     

  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.

Slik får kommunen tilskot

Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast i kvartalet etter at personar i målgruppa er registrerte inn i ordinært mottak.

Dette får kommunen i tilskot

  • Asylnorsk: 16 700 kroner
  • Samfunnskunnskap i mottak: 2 400 kroner

Når blir tilskotsmidlane utbetalte

Planlagd utbetaling:

April: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.1 - 31.03.2024

Juli: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.4 - 30.06.2024

Oktober Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.7 - 30.09.2024

Desember: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.10 - 31.12.2024

Rundskriv

Kontakt

Fant du det du lette etter?