Tilskot til opplæring i norsk for vaksne personar med kollektiv beskyttelse
Kort om tilskotet
- Tilskotsordninga består av to typar tilskot, persontilskot § 37 d og grunntilskot.
- Persontilskotet blir automatisk utbetalt til kommunar og fylkeskommunar for vaksne personar som har rett til opplæring i norsk.
- Målet med grunntilskotet er å betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk.
Kven er i målgruppa
- Personar mellom 18 og 67 år som har fått opphaldsløyve etter utlendingslova § 34, har rett, men ikkje plikt, til å delta i opplæring i norsk, jf. integreringslova § 37 d.
- Formålet med persontilskotet § 37 d er at kommunane og fylkeskommunane kan tilby opplæring i norsk til fordrivne frå Ukraina som ønskjer ei slik opplæring, etter integreringslova kapittel 6A. Tilskotet skal også gå til å gjennomføre prøver i norsk etter integreringslova § 37 d.
- Grunntilskotet er eit årleg tilskot og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk.
Korleis blir tilskota berekna
Felles for persontilskotet og grunntilskotet
- Den folkeregistrerte adressa (DSF) til den enkelte personen bestemmer kva som er bustadkommunen og tilskotsmottakar.
Persontilskot § 37 d
- Ein person kan utløyse persontilskot i maksimalt eit år.
- Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskotet delt mellom til- og fråflyttingskommunen, basert på butida i den enkelte kommunen. Kommunen der personen har budd lengst i løpet av året, vil få den største andelen av tilskotet. Sjå rundskriv for detaljar.
- Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.
Grunntilskotet
- Grunntilskot blir utbetalte til kommunar som har 1–150 personar i berekningsgrunnlaget for tilskotet per 15. januar 2023. Føreslått satsar presenterast i Prop. 1 S (2022-2023).
- Personar med kollektiv beskyttelse er med i berekningsgrunnlaget for grunntilskotet i eit år.
- Det er ikkje krav om at eit vedtak må vere registrert, for å få utbetalt grunntilskotet, slik det er for persontilskotet.
Slik får kommunen tilskot
- Vedtak må registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at kommunen skal få utbetalt persontilskot for kategorien «Rett til norsk».
- Slik registrering må gjerast for alle personar, også for dei som flyttar til kommunen, og som kan ha fått opplæring i ein annan kommune tidlegare.
- Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen. Tilskotet blir utbetalt automatisk for heile den perioden personen bur i kommunen, uavhengig av når vedtaket blei registrert.
Slik får fylkeskommunen tilskot
- Persontilskot § 37 d blir utbetalt automatisk til fylkeskommunen basert på registrering i NIR.
- Vedtak må registrerast av kommunen i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at fylkeskommunen skal få utbetalt deler av persontilskotet.
- Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.
- Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen.
Dette får kommunen i tilskot
Persontilskotet § 37 d
TILSKOT |
SATS FOR PERSONAR FRÅ OMFATTA AV INTEGRERINGSLOVA § 37 D |
Persontilskot |
45 000 kroner |
Når blir tilskotsmidlane utbetalde?
TILSKOTSTYPE |
TENTATIV UTBETALINGSDATO |
UTBETALINGA GJELD |
Persontilskot § 37 d |
Veke 21 |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.01 - 31.03.23 |
Persontilskot |
Veke 33 |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.04 - 30.06.23 |
Persontilskot |
Veke 46 |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.07 - 30.09.23 |
Persontilskot |
Veke 7, 2024 |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.10 - 31.12.23 |
Rundskriv
Kontakt oss
Ta kontakt med Kontaktsenter for IMDinett dersom de har spørsmål om tilskota.