På oppdrag frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet, har Econ Pöyry gjennomført ei kvalitativ undersøking blant heimeverande innvandrarkvinner i Groruddalen og Søndre Nordstrand. Målet med rapporten er å auke sysselsettinga blant innvandrarkvinner, og å samla kunnskap om kva som hindrar yrkesdeltaking, og kva som kan gjerast for å byggja ned slike hindringar.

Dårlege norskkunnskapar, låg sjølvtillit i møte med det norske arbeidslivet, låg utdanning frå heimlandet og mangalnde kunnskap om moglegheiter og krav i norsk arbeidsliv, er faktorar som Econ trekker fram som hindra deltaking.

Av tiltak som Econ Pöyry foreslår, er ei auka sating på norskopplæring, lågterskeltiltak som møteplassar, samtalegrupper, besøk på arbeidsplassar, tilbod om familierågivning og betre tilrettelagt informasjon for denne målgruppa.

Se flere rapporter om

arbeidsliv.