Kommuneundersøkinga 2014
Kommunane ønskjer meir samarbeid med IMDi om kvalifiseringstiltak for innvandrarar, og meir statleg samordning av kommunalt arbeid med busetting og integrering. Dei har òg nytte av erfaringsutveksling mellom kommunar, viser Kommuneundersøkinga 2014.
Kommuneundersøkinga er ein årleg undersøking som IMDi rettar til alle kommunar i landet, i samarbeid med TNS Gallup. 203 av 428 kommunar har svara på undersøkinga.
Også i denne undersøkinga kjem det fram at manglande tilgang på bustader og arbeidsplassar er det som særleg gjer busetting av flyktningar vanskeleg.
Mellom kommunane som har teke del i undersøkinga har seks av ti kommunar som busett flyktningar, eit eiga resultatmål for introduksjonsprogrammet.
Åtte av ti har anten årleg eller hyppigare rapportering til kommuneleiinga om resultatutviklinga.
Over halvparten av kommunane har bustadsosial handlingsplan eller plandokument som adresserar mangfaldet i befolkninga.