Busettingsklare flyktningar og avtalt sjølvbusetting

Kommunar i denne studien rapporterer at avtalt sjølvbusetting gjer det mogleg å busette fleire flyktningar enn dei elles ville klart. Samstundes er det område som ulike aktørar må rette merksemda mot for at ordninga skal fungere best mogleg.

Utgitt: 1. mars 2017

Denne studien er andre og siste del av eit større oppdrag om flyktningar som finn bustad på eigenhand. Første del, som kartlegg korleis avtalt sjølvbusetting praktiserast i kommunane, vart ferdigstilt våren 2016.

I denne rapporten ser NIBR på kommunane og flyktningar sine erfaringar med ordninga, samt kva implikasjonar ordninga har. Casekommunar i studien har vore Oslo (tre bydelar), Sarpsborg, Bergen, Volda, Tromsø og Trondheim.

Hovudfunn frå rapporten

  • Avtalt sjølvbusetting har påvirka busettingssystemet positivt.  I casekommunane har fleire flyktningar vorte busett og busettinga går raskare når flyktningane kjem inn som ein aktiv part.
  • Det er ikkje først og fremst tilgang på bustad som avgjer flyktningane sitt kommuneval, men forhåpningar om moglegheiter i utdannings- og arbeidsmarknaden.
  • Ordninga er i støypeskeia, omgrepsbruken har ikkje «sett seg». Kommunane fyller omgrepet avtalt sjølvbusetting med ulikt innhald, også innanfor ein og same kommune kan omgrepet verte brukt ulikt.
  • Mange av dei flyktningane som vart busett på denne måten leiger av andre innvandrarar og får tilgang til delar av leigemarknaden som kommunen ikkje har hatt tilgang til.
  • Avtalt sjølvbusetting kan sjåast som ein nettverksdriven form for busetting, fordi nokre av rollene offentlege styresmakter har i busettinga, vert overtatt av nettverk flyktningane er ein del av. Flyktningane inngår i hjelperelasjonar med kvarandre, dei bidreg med å finne bustader og gjer integreringa i lokalsamfunnet lettare.
  • Det førekjem også at rolla som hjelpar slår over i ei meklarrolle – der flyktningar kan verte avkrevd pengar eller andre ytingar for å få tilgang på bustadkontraktar. Dersom kontaktpersonar kontrollerer tilgangen til gode (som bustadkontraktar), kan flyktningar hamne i eit gjelds- eller klienttilhøve til dei som i utgangspunktet var deira hjelparar.
  • Dersom omfanget av avtalt sjølvbusetting aukar monaleg i dei mest attraktive kommunane, kan det kan verte vanskeleg å finne tilfredsstillande bustader.
  • Avtalt sjølvbusetting kan innebere ein større risiko for dårlege butilhøve, for at flyktningar vert utnytta og/eller misser bustaden. I kommunar med høge leigeprisar i bustadmarknaden hadde desse flyktningane også høgare husleige enn dei som vart busett i bustader kommunen sjølv skaffa.
  • Kommunane erfarer dels at dei som har nytta seg av avtalt sjølvbusetting har ein uavklara busituasjon som har forstyrrande effekt på deltaking i introduksjonsprogrammet. Også etter endt introduksjonsprogram held mange fram med å bu trongt.

Flyktningar sin motivasjon for avtalt sjølvbusetting:

  • Å kome seg raskt ut av mottak for å «kome i gang med livet»
  • Å ta styring over kva kommune flyktningen skal bu i.

Kommunane sin motivasjon for avtalt sjølvbusetting:

  • At flyktningane hjelper kommunen med å finne bustad. Kommunane rapporterer at ordninga gjer det mogleg å busette eit langt høgare tal på flyktningar enn dei elles ville klart.
  • Kommunane går ut frå at flyktningar som ønsker seg til kommunen vil ha eit godt utgangspunkt og eiga driv til å kome seg i aktivitet.
  • Meir spreidd busetting av flyktningar, fordelt på fleire nabolag og ulike typar bustader, samanlikna med busetting i kommunale bustader.
  • Ein del kommunar har mål om å oppnå befolkningsvekst. Da kan ordninga vere gunstig fordi ein går ut frå at avtalt sjølvbusetting raskare bidreg til det, i tillegg til at ein går ut frå at ordninga bidreg til å redusere sekundærflyttinga

Implikasjonar for flyktningane:

  • Avtalt sjølvbusetting forfordelast til flyktningar som har evne til å bygge opp nettverksressursar. Tilgangen til uformelle sosiale nettverk er den viktigaste ressursen å rå over ettersom hovudkjelda til informasjon er jungeltelegrafen og sosiale media blant flyktningar.
  • Kommunane opplever at flyktningar som sjølv fann bustad er meir tilfredse med bustaden enn dei som får tildelt ein bustad av kommunane, truleg fordi bustaden er eit resultat av eigen innsats.

Implikasjonar på samfunnsnivå:

  • Avtalt sjølvbusetting opprettheld fordelinga av flyktningar mellom kommunane.
  • Flyktningane som busettast på denne måten, bur i fleire og ulike typar nabolag. Det fører til at færre truleg bur i område med andre vanskelegstilte. Slik kan ein positiv integreringseffekt oppstå, fordi det er større sjanse for at flyktningar får norske naboar, fordelinga av barn med flyktningbakgrunn på skulane, helsestasjonar osb. vert annleis.
  • Skal avtalt sjølvbusetting fungere godt over tid, må likevel kommunane tilpasse sin bustadsosiale praksis slik at flyktningane får moglegheit til å lukkast og ikkje endar opp i køen av vanskelegstilte.

Tilrådingar frå NIBR

  • Staten må bidra til spreiing av informasjon til kommunar, asylmottak og flyktningar.
  • Kommunane bør marknadsføre moglegheita for avtalt sjølvbusetting til flyktningar og asylmottak. Vidare kan kommunane inkludere avtalt sjølvbusetting i sin verktøykasse for busetting, t.d. gjennom regulering, økonomiske vilkår o.l., samt sikre rettleiing av flyktningar og utleigarar.
  • Merksemda framover må rettast mot mellom anna: 
    • om avtalt sjølvbusetting bidreg til tilstrekkeleg butryggleik for flyktningane
    • reduksjon av økonomiske ulikheiter mellom dei som busettast på ordinær måte og dei som nyttar seg av avtalt sjølvbusetting
    • korleis kan ein legge til rette for bustadkarriere blant dei avtalt sjølvbusette flyktningane
    • kva skal til for at ordninga vert meir relevant for små kommunar

Se flere rapporter om

bosetting.

Fant du det du lette etter?