Lokale utviklingsverkstader

Agenda Kaupang har gjennomført tre lokale utviklingsverkstader, der friviljugheita, næringslivet og kommunen har sett på samarbeidsløysingar i integreringsarbeidet. Sluttrapporten inkluderer forslag til modell for gjennomføring av slike verkstader.

Utgitt: 20. mai 2016

Med auka flyktningeankomstar som bakteppe, har konsulentselskapet Agenda Kaupang, på oppdrag fra IMDi, gjennomført eit pilotprosjekt som utforskar nye løysingar i integreringsarbeidet lokalt. Målet har vore å få til betre kvalitet, raskare og meir effektive integreringslaup for nyankomne asylsøkarar og flyktningar, herunder einslege mindreårige.

I prosjektet har ein sett på korleis kommunane i større grad kan utnytte næringslivets og friviljuge organisasjonar sin kompetanse og ressursar i møte med nyankomne innvandrarar: Korleis kan kommunane involvere friviljugheita og arbeidsgjevarar i det langsiktige arbeidet med å busette og integrere flyktningar? Korleis kan ein få til raskare og meir effektive integreringslaup?

Tønsberg, Hamar og Flora har vore «pilotkommunar» i prosjektet, og det har vorte gjennomført lokale utviklingsverkstader med deltaking frå friviljugheit, næringsliv, asylmottak m.m. Områda busetting, kvalifisering og sysselsetting, og deltaking og inkludering vart vald ut som tema i verkstadene, basert på eit vanleg forlaup i ein integreringsprosess.

Hensikta med verkstadene har vore å fremje dialog om effektiv og god praksis, og identifisere nye løysingar når det gjeld tiltak for flyktningar og asylsøkarar. Dette gjeld både for ordinære og lovpålagde tenester, og komplementære og supplerande tenester. Målet har vore at deltakarane skal sjå sine ansvarsområde opp mot kvarandre, og utvikle nye tiltak gjennom samarbeidsrelasjonar.

Erfaringane frå verkstadene i dei tre kommunane er oppsummert i sluttrapporten, som inkluderer forslag til modell for gjennomføring av slike verkstader i andre norske kommunar.

Modellen er også illustrert i ein film:


Hovudfunn og tilrådingar frå rapporten:

  • Erfaringane frå pilotkommunane viser eit stort behov for sams møteplassar for friviljugheita, næringslivet og kommunane. Det finnast få eller ingen fora der arbeidsgjevarar, friviljugheita og kommunen samlast for å løyse utfordringar knytt til integrering eller andre lokale samfunnsflokar.
  • Kommunane har ikkje alltid oversyn over omfanget av friviljug aktivitet i eigen kommune. Ein kommunal friviljugheitskoordinator kan derfor ha ein viktig funksjon.
  • Det er kommunen som bør vere initiativtakar og tilretteleggar for eit godt og konstruktivt samarbeid mellom dei tre partane. Tiltak der kommunen har hovudansvaret for oppfølging har ein kortare veg til realisering.
  • Forankring og deltaking frå den politiske og administrative leiinga i kommunen er en fordel. Til dømes i Tønsberg deltok rådmannen, og gjennom denne forankringa vart det avgjort å opprette ein friviljugheitskoordinator tilknytt rådmannen sin stab.
  • For at næringslivet skal kunne bidra i prosessen med sysselsetting av flyktningar er det viktig med gode insentivordningar for verksemdene, og reell oppfølging av flyktningane frå det offentlege si side.

Se flere rapporter om

frivillige organisasjoner og arbeidsliv.

Fant du det du lette etter?