Styrkar kunnskapen om kvinners juridiske rettar

Å vite kva rettar ein har i Noreg, er ein føresetnad for å hevde sin rett på lik linje med andre. Juridisk rådgivning for kvinner (JURK) og jussambassadørane deira styrkar den juridiske kompetansen hos polske og thailandske kvinner.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Kunnskapen om eigne rettar kan vere svak blant kvinner med innvandrarbakgrunn. Det er derfor ein fare for at rettane deira ikkje blir tatt vare på, og at dei kan bli utsette for urett utan at dei søker råd og hjelp hos politiet og i rettsapparatet.

    Målet med Jussambassadør-prosjektet er å gjere kvinnene i stand til å forstå at det dei opplever, kan ha ei juridisk løysing, og at det ofte finst ulike instansar som kan hjelpe. Tanken bak er at ein må vite om rettane sine for i neste omgang å kunne søke rettshjelp for å hevde dei.

     

  • Tiltak:

    Gjennom Jussambassadør-prosjektet følger JURK den såkalla «train the trainers»-modellen, som inneber at dei gir juridisk opplæring til ressurspersonar, altså jussambassadørar, i det polske og det thailandske miljøet i Noreg.

    Jussambassadørane formidlar informasjonen vidare til kvinner i sine eigne miljø og nettverk. Slik når JURK ut til andre personar og til fleire enn dei ville ha klart på eiga hand.

  • Resultat:

    Per i dag har JURK mellom 40 og 45 jussambassadørar. Gjennom dei når dei ut til mellom 800 og 1000 personar med rettsinformasjon. Tema er mellom anna gjeld og økonomisk vald , rettar ved skilsmisse og død, og vald mot kvinner.

    Sidan jussambassadørane er busette i heile Noreg, når dei også fram til menneske over heile landet.

Sist oppdatert: 21. februar 2023

Jussambassadører sprer kunnskap i klasserom

Mål og målgruppe

Målet er at kvinner frå Thailand og Polen, som ikkje har rett og plikt til å delta i introduksjonsordninga, får tilpassa opplæring i ulike rettsområde. Slik blir dei kjende med kva rettar og plikter dei har i Noreg, og dermed betre i stand til å hevde rettane sine og til å ta opplyste og frie juridiske val.

Om tiltaket

JURK bruker «train the trainers»-modellen, som inneber at ressurspersonar frå thailandske og polske kvinneforeiningar i heile landet kvart år møtest til eit seminar som tar for seg eit juridisk tema. I løpet av seminaret får dei opplæring i å halde eit standardisert foredrag, og dei får utdelt brosjyrar om temaet. I etterkant held jussambassadørane foredrag og spreier informasjonsmateriell i sine eigne kvinnenettverk. JURK reiser også ut til ulike lokallag for å halde foredrag, gir oppdatert informasjon og tar imot konkrete saker frå ambassadørane eller frå kvinner i nettverket deira. Ambassadørane får løpande oppfølging per telefon, e-post eller møte.

Informasjonsmateriellet til jussambassadørane baserer seg både på langvarig erfaring og på forsking om å spreie rettsinformasjon til minoritetskvinner. Sidan JURK blei etablert i 1974, har dei formidla rettsinformasjon til kvinner og etablert solid kunnskap om korleis ein på best mogleg måte kan nå innvandrarkvinner.

Temaa som JURK gir opplæring i, blir valde på bakgrunn av innspel frå jussambassadørane om kva problemstillingar kvinnene i dei polske og thailandske miljøa er opptatt av. Det bidrar til at jussambassadørane får relevant kompetanse, og at informasjonen dei formidlar vidare, er relevant for målgruppene og i tråd med behova deira.

Jussambassadørane blir i hovudsak rekrutterte gjennom jussambassadørar som allereie er knytte til Jussambassadør-prosjektet. I tillegg oppsøker JURK arenaer der kvinnene oppheld seg, som f.eks. foreiningar og organisasjonar, norskopplæringsklassar, nettverkssamlingar, kvinnekafear og offentlege kontor.

Seminar for Jussambassadørene

Organisering og økonomi

JURK driv Jussambassadør-prosjektet med tilskotsmidlar frå IMDi. JURK er ei frivillig og ideell foreining som er knytt til Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Generalforsamlinga er det øvste organet deira. Generalforsamlinga vel styremedlemmer, vedtar vedtektsendringar og behandlar budsjett og rekneskap. Styret har mellom anna ansvar for lønns- og tilsettingsvilkår for dagleg leiar, behandlar budsjett og rekneskap, fastset strategi for verksemda, med meir.

Jussambassadør-prosjektet er forankra i JURKs strategi (2019–2022). Prosjektet blir leidd av ein prosjektleiar som er tilsett i JURK. Ho har det overordna ansvaret for prosjektforvaltninga.

IMDi støtter prosjektet gjennom tilskuddsordningen "Tilskudd til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjoner" som lyses ut årlig.

Resultat

Jussambassadørane når kvinner som på grunn av språklege barrierar eller manglande kjennskap til norsk regelverk vegrar seg for å søke hjelp sjølve. Dei ville truleg ikkje søkt juridisk hjelp på eiga hand. Jussambassadørane har god kulturforståing og eit stort nettverk. Derfor kan dei formidle rettsinformasjon på ein måte som er godt tilpassa dei polske og dei thailandske kvinnenettverka. Dette bidrar til sterkare nettverk og hjelp til sjølvhjelp.

Kvinner frå Thailand og Polen blir betre i stand til å hevde rettane sine og til å ta opplyste og frie juridiske val.

Målgruppa bur spreidd i heile Noreg, frå Troms og Finnmark til Agder fylke. Takk vere eit godt samarbeid med jussambassadørane har JURK spreidd informasjon til svært mange kvinner over heile landet.

IMDis vurdering

«Train the trainers»-modellen er ein velkjend modell som blir brukt av mange ulike verksemder for å spreie informasjon, kunnskap og bevisstheit. Modellen har dermed overføringsverdi og kan vere spesielt godt eigna for å spreie kunnskap og bevisstheit til grupper som kan vere vanskelege å nå.

IMDis vurdering er at JURK arbeider systematisk og kunnskapsbasert, noko som bidrar til høg kvalitet i arbeidet med kompetanseheving for jussambassadørane.

Informasjonsmateriellet til jussambassadørane baserer seg på langvarig erfaring og på forsking som er gjord på å spreie rettsinformasjon til minoritetskvinner.

JURKs tilrådingar er forskingsbaserte. Informasjonen dei formidlar, er forståeleg, tilgjengeleg, relevant og kvalitetssikra.

IMDis vurdering er at leiarforankringa og forankringa i strategien er ei god oppskrift på suksess for fleire enn JURK og jussambassadørane. Det same gjeld den systematiske evalueringa av tiltak og prosjekt som JURK gjennomfører. Dei justerer og utviklar tiltaket med tanke på best mogleg måloppnåing.

Om vurderinga

IMDis kvalitetssikring av god praksis er basert på systematiske vurderingar etter gitte kriterium.

Kriteria er:

  • Resultat – kva resultat gir praksisen?
  • Skildringar – er praksisen godt beskrive?
  • Økonomi – kva blir kravd av ressursar for å gjennomføra praksisen?
  • Overførbarhet – er det mogleg å gjennomføra praksisen andre stader?

Perspektivet om kunnskapsbasert praksis ligg til grunn for IMDis arbeid med god praksis. Det inneber at praksisar blir vurderte ut ifrå: Forskningsbasert kunnskap, erfaringsbasert kunnskap og brukarkunnskap.

IMDis arbeid med god praksis bygger på Rambølls rapport Modell for identifisering og formidling av god praksis

Lenker

Kontaktinformasjon

Veronika Wiese.jpg

Namn: Veronika Wiese

Stilling og arbeidsstad: Fagrådgivar i JURK og prosjektleiar for Jussambassadør-prosjektet

Telefon: 95 91 80 63

E-post: veronika@jurk.no

Fant du det du lette etter?