Oppmoder om busetting av 35 000 flyktningar neste år

Det er venta at 2023 blir nok eit år med svært høg busetting. Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) oppmoder alle norske kommunar om busetting av 35 000 flyktningar. 

Sist oppdatert: 25. november 2022

Av dei 35 000 er det venta at svært mange er fordrevne frå Ukraina. Det er venta at minst 330 er enslige mindreårige, uten følgje av slekt eller vener.  

 

– Innsatsen som kommunane gjer for busetting og integrering av flyktningar i Noreg vil bli minst like viktig neste år, seier direktør i IMDi Libe Rieber-Mohn.  

 

– Tilbakemeldinga er at det framleis er ei stor busettingsvilje i kommunane. Det er bra, og avgjerande for at vi skal klare å busette det store antallet flyktningar i 2023, seier Rieber-Mohn.   

IMDi spør alle landets kommunar om å busette også i 2023, og oppfordrer alle kommunar til å fatte vedtak i tråd med talet flyktninger dei blir oppmoda til å busette.  

 

Oppmodingstalet er basert på prognoser over ankomster i år og neste år.  Behovet for busetting av 35 000 gjeldar for heile 2023, og flyktningane vil busettast gjennom heile året. Brev om oppmoding sendes alle kommunar i dag. 

 

Oppmoding om busetting for 2023

Fant du det du lette etter?