«Ein inkluderande fotballkvardag» – fleire med innvandrarbakgrunn til fotballen

Norges Fotballforbund jobbar saman med kretsar og klubbar for å inkludere fleire barn og unge med innvandrarbakgrunn i fotballen.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Det er for få spelarar, dommarar, trenarar og frivillige med innvandrarbakgrunn i norsk fotball. Dette gjeld særleg jenter.

  • Tiltak:

    I samarbeid med fotballkretsar og klubbar legg NFF til rette for tiltak, deling av kunnskap og erfaringar om aktivitetar. NFF bidreg til at fleire klubbar jobbar systematisk for å redusere forskjellar blant deltakarar på fotballbanen. NFF har produsert to eigne inkluderingsrettleiingar som skal hjelpe klubbane med arbeidet.

  • Resultat:

    Fleire klubbar jobbar systematisk og målretta med inkludering.

    Auka rekrutteringa av personar med innvandrarbakgrunn til dei lokale fotballklubbane.

     

Sist oppdatert: 13. mars 2023

Illustrasjon NFF innvandrerbakgrunn i fotballen

Mål og målgruppe

Målet er det same som Norges Fotballforbunds visjon: «Fotball for alle». NFF ønskjer å inkludere flest mogleg barn, unge og familiane deira til fotballbanen.

Målgruppa er spelarar, trenarar, dommarar, leiarar og frivillige med innvanderbakgrunn.

Om tiltaket

Norges Fotballforbund har jobba med prosjektet «Ein inkluderande fotballkvardag» i fleire år i område med høg innvandrarandel. Lokale kretsar og klubbar kan søkje NFF om støtte til arbeidet med inkludering. Dei som søkjer, har anten jobba systematisk med inkludering over tid og treng midlar til å gjennomføre ulike gode tiltak, eller det er klubbar som treng hjelp til å komme i gang. Sidan prosjektet starta, har NFF fått ein base med referanseklubbar som er gode eksempel for andre klubbar. Erfaringane dei lokale klubbane har, er nyttige og aukar kompetansen på korleis best mogleg jobbe med inkludering innan fotball.

NFF gir også tilskott til klubbar i område med høg andel innvandrarar som skal starte futsallag. Dei er særleg opptekne av å støtte klubbar som rekrutterer innvandrarjenter i nærområdet sitt. Tilbodet om futsal skal vere ope for alle og med fastsette kriterium som må oppfyllast for å få tilskott. Samtidig arbeider NFF med ei ny turneringsform med mål om å rekruttere fleire jenter, og minoritetsjenter spesielt, til futsal.

I inkluderingsarbeidet sitt har NFF bidrege til følgjande rundt om i landet:

  • Utstyrsbuer. Klubbane har etablert utstyrsbuer for dei som ikkje har råd til fotballutstyr. Ein av klubbane oppretta ei digital utstyrsbu med stor suksess.
  • Lågare treningsavgifter for å senke terskelen for deltaking
  • Gratis aktivitetar og utflukter i skoleferiane med over 100 deltakarar
  • Tiltak for å involvere foreldre med minoritetsbakgrunn som trenarar, styremedlemmer og andre frivillige roller gjennom blant anna trenarskolar og foreldremøte
  • Inkludering som tema på styremøte, foreldremøte og trenarmøte
  • Oppstart av eFotballag for å rekruttere nye og tidlegare medlemmer og behalde noverande
  • Organisere den eigenorganiserte aktiviteten ved å opne idrettshallar og ha vaksne til stades
  • Eigne inkluderingsansvarlege i klubbane for å følgje opp og ha ein systematikk i arbeidet
  • Vinteropne banar
  • Sosiale møteplassar og skape tilhøyrsel gjennom fotballen
  • Oppstart av nye futsallag
  • Oppstart av nye jentelag

 

Målet er flest mogleg jenter med innvandrerbakgrunn til fotballbanen. Foto: Drafn.

Organisering og samarbeid

Norges Fotballforbund er Noregs største særforbund og den største frivillige organisasjonen i landet. NFF har 18 fotballkretsar, 1844 fotballklubbar og 130 000 frivillige/tillitsvalde. NFFs visjon «Fotball for alle» forpliktar organisasjonen til å leggje forholda til rette for at alle som vil, skal få delta i fotballen – uansett bakgrunn. Det kontinuerlege arbeidet med visjonen i prosjektet har ført til at klubbar og kretsar jobbar med inkludering av innvandrarar. Og arbeidet skal halde fram med full styrke dei kommande åra.

Prosjektet tilhøyrer seksjon Klubb og aktivitet i Utviklings- og aktivitetsavdelinga i Norges Fotballforbund. Prosjektleiaren har det praktiske ansvaret for gjennomføringa av tiltaka i prosjektet saman med fotballkretsane og klubbane. I løpet av dei siste åra har NFF gjennom samarbeid med klubbar i heile landet opparbeidd seg ei rekkje referanseklubbar som sentraladministrasjonen og fotballkretsane kan trekkje fram som gode eksempel i møte med andre klubbar. Desse referanseklubbane arrangerer dei årlege møteplassar for.

IMDi støtter prosjektet gjennom tilskuddsordningen «Tilskudd til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjoner» som lyses ut årlig.

Slik kjem du i gang

  • Ha dedikerte ressurspersonar og eit frivillig apparat for å gjennomføre mange forskjellige tiltak.
  • Ha inkludering som eit prioritert område i heile organisasjonen.
  • Organisasjonen bør ha ein forankra inkluderingsstrategi som er godt kjend i heile organisasjonen.

Vedlegg

Lenkjer

Kontaktinformasjon

NFF kontakt.jpg

Navn: Rasmus Olstad Semmerud

Stilling: Fagansvarleg Fair play og inkludering, Norges Fotballforbund

Telefon: 97 57 09 72

Epost: rasmus.semmerud@fotball.no

Tips oss om gode tiltak på integreringsarbeid!

Send inn til nettredaksjonen@imdi.no:

  • Kort beskrivelse av prosjektet
  • Oppnådde resultater
  • Kontaktinformasjon
Fant du det du lette etter?