Tilskot for einslege mindreårige flyktningar med fleire

Sist oppdatert: 28. juni 2022

Kort om tilskotet

  • Digitalisering av tilskotsordningar
  • Nemninga “einslege mindreårige” blir brukt om alle barn og unge under 18 år som kjem til landet utan foreldre eller andre vaksne med foreldreansvar i Noreg.
  • Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar, mottar eit tilskot i tillegg til det ordinære integreringstilskotet til og med året personen fyller 20 år.
  • Tilskotet skal dekke aktivitetar og tiltak som bidrar til at einslege mindreårige flyktningar blir busette så raskt som mogleg og får eit godt bu- og omsorgstilbod.

Kven er i målgruppa

  • Barn blir rekna som einslege mindreårige dersom dei kom til landet aleine eller med følgepersonar, det vil seie vaksne som ikkje er foreldra deira.
  • Personar under 18 år som er gifte, eller som har / skal ha barn, blir også rekna som einslege mindreårige.
  • Einslege mindreårige overføringsflyktningar som fyller 18 før dei kjem til Noreg, utløyser det særskilde tilskotet.

Kriterium for å få tilskot 

Tilskotet blir utbetalt uavhengig av kva behov den enkelte einslege mindreårige måtte ha for oppfølging, tiltak og tilrettelegging i kommunen.

Einslege mindreårige flyktningar utløyser tilskotet først etter at dei er busette i ein kommune.

Kommunar kan søke om tilskot dersom dei buset

einslege mindreårige flyktningar som er busette etter avtale mellom IMDi og kommunen, og som tilhøyrer ei gruppe som

  • har fått vern med flyktningstatus (asyl) i Noreg
  • har fått opphaldsløyve på humanitært grunnlag (asyl)
  • har fått kollektivt vern i ein massefluktsituasjon
  • er overføringsflyktningar

Opphaldsløyvet for desse gruppene må danne grunnlag for fornying og/eller permanent opphald.

Andre i målgruppa

Einslege mindreårige flyktningar som har fått eit fornybart, avgrensa opphaldsløyve på bakgrunn av søknad om asyl, og som er busette med offentleg hjelp.

Opphaldsløyvet for denne gruppa dannar ikkje grunnlag for permanent opphald og/eller familieinnvandring.

Tilskot for andre einslege mindreårige utanlandske barn

Kommunen kan søke om tilskot for barn som oppheld seg i Noreg utan foreldre eller andre føresette. I denne kategorien inngår

  • barn som blir etterlatne av foreldra sine i Noreg medan foreldra oppheld seg på ukjend stad, anten i Noreg eller i utlandet
  • utanlandske barn som blir aleine etter at foreldra er døde
  • barn som er moglege offer for menneskehandel eller har vore utsette for menneskehandel
  • barn som får opphald medan foreldra ikkje får opphald
  • barn som har komme med foreldra sine eller andre med foreldreansvar, der det blir gjort vedtak om omsorgsovertaking medan barnet oppheld seg i asylmottak

Kva skal tilskotet dekke

Kommunen skal gjennomføre aktivitetar og tiltak som bidrar til at einslege mindreårige flyktningar og utanlandske barn som oppheld seg i Noreg utan føresette, blir busette så raskt som mogleg i gode bu- og omsorgstilbod. Tilboda skal vere tilpassa det enkelte barnet og dei lokale forholda, slik at barnet får eit best mogleg tilbod.

Tilskotet skal utbetalast sjølv om personen har fylt 18 år ved busetting, under føresetnad av at personen ved ankomst til landet var registrert som einsleg mindreårig og var under 18 år da opphaldsløyvet blei innvilga.

Når noko ekstraordinært skjer

Kva skjer dersom dei føresette til barnet kjem til landet?

Dersom dei føresette til barnet kjem til Noreg, skal tilskotet utbetalast i tre – 3 – påfølgande månader etter at mor og/eller far blir busette saman med barnet. 

De må melde frå dersom mor og/eller far har blitt busette saman med barnet, slik at IMDi kan stoppe den automatiske utbetalinga av særskilt tilskot.

Kva skjer med tilskotet dersom personen døyr, reiser ut av landet eller flyttar tilbake til mottak?

Kommunen skal melde frå dersom dei får kjennskap til at ein person har forlate landet, slik at IMDi kan stoppe den automatiske utbetalinga av tilskot. Kommunen har også plikt til å melde frå til IMDi dersom personar døyr.

Dersom ein person døyr, reiser tilbake til heimlandet eller reiser frå landet av andre grunnar, beheld kommunen tilskotet i tre – 3 – påfølgande månader.

Tilskot for barn etter omsorgsovertaking

Den kommunen som har omsorgsansvaret for barnet, har krav på å få heile tilskotet. I slike situasjonar gjeld dette:

  • Busettingskommunen må informere IMDi om kva for kommune som har kostnadene, og den automatiske utbetalinga av tilskota til bustadkommunen må stoppast.
  • Kommunane det gjeld, må inngå ein skriftleg avtale om kva kommune som har kostnadene og skal motta tilskotet.
  • Kommunen som har kostnadene, må kvart år søke IMDi om tilskotet innan utgangen av februar, og ein kopi av avtalen mellom kommunane må leggast ved søknaden. 

Dersom tilskota er utbetalte til bustadkommunen, kan kommunen som har omsorga og kostnadene, krevje å få heile tilskotet overført frå bustadkommunen.

Kommunen kan sende inn avtalen via endringsmelding i IMDi Tilskot eller via digital post til IMDi.  

Dette får de i tilskot 

Stortinget har fastsett desse satsane for 2022:

1 118 000 kroner per år til og med det året barnet fyller 16 år

705 000 kroner per år frå og med det året barnet fyller 17 år, og til det er 20 år

Slik søker de

Med IMDi Tilskot er det ikkje lenger nødvendig å søke om tilskot for einslege mindreårige flyktningar som er busette i 2021. For einslege mindreårige flyktningar som er busette i kommunen i 2020 og tidlegare, og som ikkje har utløyst tilskot tidlegare, må kommunen søke om tilskot som før, ved å sende inn skjema. Sjå sida vår om Tilskot 2020.

Når blir tilskotsmidlane utbetalte

  • Tilskot for år 1 blir betalt frå månaden den einslege mindreårige blir busett. 
  • Tilskot frå og med år 2 og vidare blir utbetalt fire gonger i året (terminutbetaling).

Tilskotet for første år blir utbetalt fortløpande etter at IMDi har mottatt søknadene. Frå og med år 2 blir tilskotet utbetalt fire gonger i året:

  • Medio april
  • Medio juni
  • Medio oktober
  • Medio desember
MÅNED HØY SATS (I KRONER) LAV SATS (I KRONER)
Januar 1 118 000 705 000
Februar 1 024 833 646 000
Mars 931 667 587 500
April 838 500 528 750
Mai 745 333 470 000
Juni 652 167 411 250
Juli 559 000 352 500
August 465 833 293 750
September 372 667 235 000
Oktober 279 500 176 250
November 186 333 117 500
Desember 93 167 58 750

Slik blir tilskotet fordelt dersom personen flyttar mellom kommunar

Dersom ein person flyttar mellom kommunar i tilskotsåret, må personen melde flytting til folkeregisteret innan åtte dagar etter flytting. Tilskotet blir da fordelt mellom dei to kommunane.

Ved flytting blir tilskotet utbetalt til fråflyttingskommunen ut inneverande og påfølgande månad. Deretter mottar tilflyttingskommunen tilskotet. Det er registreringsdato i folkeregisteret som legg føringar for berekning av tilskotsdelinga (inneverande månad).  

Folkeregisteret bruker både flyttedato og registreringsdato. Det kan derfor hende at ein person har flytta i 2021, men at flyttinga først blir registrert i 2022. I slike tilfelle vil tilskotsutbetalinga bli korrigert ved neste terminutbetaling.

Dersom ein person har flytta til ein annan kommune, er hovudregelen at det ikkje er nødvendig å melde frå til IMDi om dette. Kommunen som personen er registrert busett i, vil få utbetalt det særskilde tilskotet for einslege mindreårige for 2022. Nytt frå 2022 er at IMDi vil utbetale tilskotet til kommunen personen ifølge folkeregisteret er registrert busett i.

Tilflyttingskommunen har i perioden det blir utbetalt integreringstilskot, berre ansvar for å yte sosiale tenester til den som flyttar dit, dersom flyttinga er eksplisitt avtalt med fråflyttingskommunen/busettingskommunen (eller det er openbert urimeleg å avslå søknaden), jf. lov om sosiale tjenester.

Dersom flyttinga ikkje er avtalt, kan Nav-kontoret i tilflyttingskommunen avslå ein søknad om tenester med tilvising til ansvaret busettingskommunen har, med mindre det er openbert urimeleg. Det kan for eksempel vere openbert urimeleg å vise til busettingskommunen dersom vedkommande har nær familie i tilflyttingskommunen eller er offer for tvangsekteskap. Det same gjeld dersom personen er sjølvforsørgande i tilflyttingskommunen, men søker økonomisk stønad i ein nødssituasjon, eller dersom vedkommande treng hjelp etter å ha vore sjølvforsørgd ein periode.

Dersom det oppstår tvistar om deling av tilskot mellom kommunar, avgjer IMDi tvisten. Dersom det er ueinigheit mellom fråflyttingskommunen og tilflyttingskommunen om kva kommune som er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter introduksjonslova og for økonomisk sosialhjelp etter lov om sosiale tjenester, er det Stasforvaltaren som avgjer dette. IMDi vil legge denne avgjerda til grunn for deling av tilskota.

Oppfølging og rapportering

  • Kommunen skal kontrollere grunnlaget for utbetaling av tilskotet og sende IMDi endringsmelding i den nye tilskotsløysinga IMDi Tilskot så snart som mogleg.
  • Kommunen har plikt til å melde frå dersom dei føresette til barnet kjem til landet, eller dersom barnet døyr eller reiser utanlands. 
  • Kommunane treng ikkje å legge fram ein eigen rekneskap eller rapport for bruk av tilskotet, men IMDi og Riksrevisjonen kan kontrollere bruken av tilskotsmidlane.
  • Kvart år vil eit berekningsutval kartlegge utgiftene kommunane har til busetting og integrering av flyktningar.

Klagerett

Kommunane har ikkje rett til å klage på tildeling av tilskot eller krav om tilbakebetaling av tilskot (fvl. §§ 3 første ledd og 28). Utover dette gjeld saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.

Foreldingsfristen er tre år (foreldingslova §§ 2 og 3).

Tilskotskalkulator

Rundskriv

Kontakt oss

Spørsmål knytt til konkrete saker om tilskot må sendast gjennom IMDi Tilskot (som førespurnad om endring). Dersom det ikkje er mogleg, kan spørsmål alternativt sendast som supportsak.

Fant du det du lette etter?