Funna viser at haldningane til folk stadig vekk er svært samansette. Samtidig som eit stort fleirtal er skeptisk til korleis det går med integreringa, har dei fleste ei positiv haldning til det å leve i eit fleirkulturelt samfunn.

Andre utvalde funn:

  • Befolkninga er delt i spørsmålet om innvandringsvolum. Halvparten er heilt eller delvis einig i påstanden «Vi bør ikkje sleppe inn fleire innvandrarar i Noreg», mens den andre halvparten er meir positiv.
  • Det er brei semje om at innvandrarar med varig opphald skal ha dei same rettane som befolkninga elles.
  • Over halvparten sluttar seg til påstanden «Det ville vere vanskeleg for meg å bu i eit område der fleirtalet hadde innvandrarbakgrunn».
  • Seks av ti meiner at innvandring er positivt for norsk økonomi.
  • Ni av ti er heilt eller delvis einige i at det bør vere obligatorisk å bestå ein språktest i norsk for å få norsk statsborgarskap.

Vedlegg til Integreringsbarometeret 2013/2014

Sjå også delrapporten: Innvandring og integrering – holdninger og erfaringer blant personer med innvandrerbakgrunn

Tidlegare målinger

Integreringsbarometeret 2013/2014 er det sjuande i rekkja sidan 2005. Grunntanken er å måle haldningane til folk over tid.

Se flere rapporter om

Holdninger og mangfold.